Hopp til innhold

Politiet fryktar deling av valdsvideoar normaliserer vald blant unge

Fleire valdshendingar blir filma og delt i sosiale medium. Politiet fryktar det kan føre til ein smitteeffekt i bruken av vald blant unge.

Ungdomsvald i Skodje

HÆRVERK: Dette er ein skjermdump frå ein video tatt på Skodje. Den viser nokon som gjer hærverk på ein bil. Denne skal ha tilhøyrt ein ung mann som blei banka av dei same som utfører hærverket.

Foto: Skjermdump frå video

Når politiet skal finne ut kva som har skjedd i slåstkampar og andre valdshendingar blant unge, viser det seg oftare og oftare at det heile har blitt filma.

Videoane blir raskt spreidde. Kanskje først blant vener, men brått har «alle» sett dei.

Politiet trur dette kan vere med på å normalisere vald.

Filma vald og hærverk

Førre veke rykte politiet ut på ei valdshending på Skodje i Ålesund. Tre menn i 20-åra skal ha slått og sparka ein annan. Totalt fire var involverte i valdshendinga.

I etterkant har videoar av slåstkampen blitt delt i sosiale medium.

Politiet er i gang med å etterforske saka. Videoane kan bli viktige for å kartlegge kven som har gjort kva, seier Birgitte Øye ved Nordre Sunnmøre politistasjon.

Vi har fått fleire videoar. Videoar av til dømes skadeverk som blir utført på ein bil, samt av ei valdshending. Vi må gå gjennom videomateriale for å sjå om desse kan knytast til valdshendinga.

Fire menn i 20-åra vart tatt med inn til arresten etter at tre av dei gjekk til angrep på ein jamaldrande mann. Videoen skal vere frå angrepet.

Fire personar er sikta etter hendinga på Skodje.

Dei er sikta for grov kroppskrenking eller medverknad til dette. Vi vurderer også å opprette ei sak for skadeverk når det gjeld fornærma sin bil.

– Smitteeffekt

Videoen frå Sunnmøre er langt frå den einaste valdshendinga blant unge som blir filma og delt vidare.

Dette er berre nokre av tilfella som NRK tidlegare har omtalt. Politiet fryktar at delinga av slike videoar kan skape ein smitteeffekt.

– Det kan vere med på å normalisere valden. Det kan skape ei forventning i ungdomsmiljøa om at det er sånn det er, og at det er slik ein løyser problem. Nokre gjer det kanskje for å sjokkere for å få mest klikk.

Det seier Daniel Ludviksen, avsnittsleiar for etterretning og førebygging i Møre og Romsdal politidistrikt. Han viser også til kontoar i sosiale medium som deler videoar av grenselaus vald.

Ludviksen fortel at dei ikkje har statistikk på kor mange som filmar og deler valdshendingar, men at dei har eit inntrykk av at dette er aukande.

Daniel Ludviksen, politioverbetjent, Ålesund politistasjon

Ludviksen trur det blir krevjande å få ned talet på valdshendingar blant unge. Straff er ein reaksjon, men han vektlegg at det også er viktig å jobbe førebyggande, samarbeide på tvers og bygge relasjonar over tid.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Du får det rett i trynet

Også 17-åringane i Ålesund har merka utviklinga. På dei fleste sosiale medieplattformene har dei opplevd å sjå videoar av vald eller personar som kjem med truslar.

Nokre av videoane er frå folk dei kjenner, andre er frå ukjende brukarar andre stadar i landet eller i verda.

– Det er ganske mykje av og til. Du får det rett i trynet. Tidlegare i dag fekk eg opp ein video etter å berre ha skrolla i 20 sekund på X. Eg føler at det er ganske normalt å sjå det no, seier Ådne Fylling Holmdal.

Ungdomane trur særleg at dei som er yngre enn dei kan bli påverka når dei ser slike ting.

– Dei som ikkje har eit like klart bilde av kva som er reelt, og får dei inntrykka, kan tru at det er meir vanleg med vald. Nokre synest kanskje det er spennande og deler det vidare, seier Birger Bunes.

Ådne Fylling Holmdal, Birger Bunes, Josefine Uggedal Longva og Jenny Storlykke Sunde.

17-åringane i Ålesund har alle opplevd å sjå videoar av vald i sosiale medium. Dei føler at det har blitt meir vanleg å få opp slike videoar.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Dei fire er einige om at mobilen blir ein stadig større del av kvardagen, og at det også kan føre til at videoar blir spreidd lettare no enn tidlegare.

– Vi har plattformer som gjer at vi får tilgang til mykje, og med eitt tastetrykk så er det vidaresendt, seier Jenny Storlykken Sunde.

Josefine Uggedal Longva har eit inntrykk av at det også blir meir vald.

– Då vi var yngre blei vi ikkje eksponert like mykje for slike ting. Men dei siste åra føler eg det har vore mykje. Også videoar av dyreplageri. Ein får ikkje alltid vite bakhistoria, ein ser berre det som skjer. Då kan dei som er yngre tenke at det er greitt, men det får konsekvensar.

– Nytt overgrep

Daniel Ludviksen i politiet vektlegg at det er straffbart å dele videoar av valdshendingar.

I tillegg blir valdsoffera utsett for eit nytt overgrep ved at videoane blir delt, seier Ludviksen.

– Det er ganske krenkande å få bilde og videoar spreidd. Fleire tek kontakt med oss og beskriv det som ei tung belasting. Og når det først hamner på internett så er det vanskeleg å få bort.

– Fleire unge blir kriminelle

Ifølge politiet er statistikken tydeleg. I Møre og Romsdal ser dei ein 40 prosent auke i talet på ungdommar som blir kriminelle før dei har fylt 18 år.

Det er også fleire 14- og 15-åringar som dukkar opp i statistikken.

– Det er veldig alvorleg. Ein ting er at dei er unge i dag, men det er avgjerande at vi klarar å stoppe det før dei går inn i ei kriminell løpebane, seier politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen.

Politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen.

Politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen, seier at politiet ofte går ut og oppfordrar til at folk ikkje skal dele valdsvideoar dei får tilsendt. Dette ser dei har hatt god effekt.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Han vektlegg at det er større sjanse for å halde fram med kriminalitet i vaksen alder, når ein blir introdusert for dette tidleg. Dette vil politiet jobbe for å snu.

– Det som er grunnleggande for oss er at det ikkje berre er éin eigar til dette problemet. Vi må få til eit godt samarbeid med heimen, skule, barnevern og Nav. Vi må alle trekke ilag for at dette skal lukkast, seier Bøen.

– Det er viktig at vi klarer å stoppe det før det går for langt. Før dei øydelegg livet sitt, seier politimeisteren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL