Hopp til innhold

Jan Gunnar fann sjeldne sølvmyntar som smågut - viser seg å vere av stor historisk verdi

Som barn var Jan Gunnar og broren på skattejakt under kyrkjegolvet, men fortalde ikkje kor dei hadde vore. No 60 år etter har arkeologane undersøkt funnet av 14 gamle myntar.

14 middelaldermynter funnet under kirkegulvet på Edøy gamle kirke

Jan Gunnar Fugelsnes er tilbake under Edøy gamle kyrkje der han leikte arkeolog som barn.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi kom på å fare gjennom den sprekken der, og då fann vi ganske tidleg ein mynt. Då var gullfeberen i gang, seier Jan Gunnar Fugelsnes.

Sprekken er blitt litt større, men framleis må 67-åringen krype for å kome seg under kjellaren i steinkyrkja på Edøy frå 1190. Med feiebrett og sila til mor stod han tidleg på 60-talet og leikte hobbyarkeolog.

Iveren var stor. Men at dei hadde vore der og krabba i lag med lik og beinrestar kunne ingen få vite.

– Det var heilagbrøde å seie at vi var under kyrkja og leita, så det var ikkje snakk om å kome med den fulle og heile sanninga. Då sa vi at vi fann det i skyttargrava utanfor her, seier Fugelsnes.

14 middelaldermynter funnet under kirkegulvet på Edøy gamle kirke

Med sil og feiebrett leikte Jan Gunnar Fugelsnes arkeolog under den gamle kyrkja. Men funna var høgst reelle.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Myntane hadde oppbevart i ei eske meint for gamle lysbilde, som han hadde liggande i eit brannskap. I alle desse åra har han undervurdert den historiske nytteverdien i funnet.

– Tidlegare tenkte eg at dei ville hamna nede i ein kjellar i Trondheim, fullstendig uinteressante saman med massevis av andre. Men no forstår eg det som at dei er litt meir spesielle, fortel Fugelsnes.

Truleg frå Magnus Lagabøte

– Mellomaldermyntar er sjeldne og få imellom, så då det dukka opp heile 14 myntar så snakkar vi ei ganske stor overrasking, seier fylkesarkeolog Carl Fredrik Vemmestad.

Ifølgje han er det berre funne ein handfull slike myntar i Midt-Norge som har overlevd til vår tid.

14 middelaldermynter funnet under kirkegulvet på Edøy gamle kirke

Her er nokre av myntane som Fugelsnes har tatt vare på.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det gjekk gjetord om at Fugelsnes sat på noko spennande, og dei siste åra auka interessen frå arkeologane. Når dei blei klart når myntane var frå, lét han seg overtale til å gje dei frå seg.

– Myntane er frå mellom år 1270 og truleg 1319. Ein ser fleire kongehovud som er prega føre på desse myntane, og det er typisk for Magnus Lagabøte sine myntar, seier Vemmestad.

14 middelaldermynter funnet under kirkegulvet på Edøy gamle kirke. Carl-Fredrik Vemmestad.

Det er berre funne ein handfull slike Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad jobbar som arkeolog med ansvar for Nordmøre i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Unntaket er ein mynt som tilhøyrer Christian I, stamfaren til dagens kongefamilie. Han regjerte Noreg frå 1450 til 1481.

– Det er utruleg spennande, for det er det største samla myntfunnet vi har fått i Møre og Romsdal dei siste tiåra. I nasjonal samanheng er det også ei veldig viktig puslespelbrikke.

Han påpeiker også at myntar frå før 1650 er statleg eigedom.

Funn av middelaldermynter fra Edøy gamle kirke.

Her er fleire av funna som Fugelsnes no har gitt bort til fylket.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Fann vikingskip i 2019

Den historiske tydinga til Edøy har blitt stadig meir kjent dei siste åra. På naboøya finn ein Kulisteinen, sjølve dåpsattesten til Noreg. Det er første gongen namnet på landet er nemnt.

Veldig mange myntfunn er gjort i gamle kyrkjer slik som i Edøy gamle kyrkje. Problemet har vore at tyskarane brukte kyrkja som ammunisjonslager under krigen, og kasta ut masse av det dei fann.

– Edøya var kanskje eit av dei viktigaste maktsentera i jernalderen, det er tydeleg. Det er funne mange graver der, og eit vikingskip. Det ligg også strategisk plassert i Trondheimsleia, og like i nærleiken blei to viktige sjøslag utkjempa, seier Vemmestad.

Edøy gamle kirke

Edøy med Edøy gamle kyrkje.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

No blir myntane sendt vidare til Vitenskapsmuseet og Jon Anders Risvaag, ein av dei fremste ekspertane på gamle myntar. Funne kan hjelpe dei å danne eit heilskapleg bilde over myntsituasjonen og handelen der på den tida.

– Dette er heilt vanlege myntar, og det er det som er så spennande med det. Dette er det folk hadde tilgang på, og det er det som kan fortelje oss om folk sine eigentlege liv, seier Risvaag.

Myntfunn frå mellomalderen, Edøy gamle kyrkje.

Sjå fleire bilde av dei gamle sølvmyntane her.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Glad for å ha tatt vare på dei

Fugelsnes på Edøya har ikkje dårleg samvit for at han ikkje gav dei bort tidlegare.

– Det var ei heilt anna tid. Hadde eg ikkje funne dei og tatt vare på dei den gongen, trur eg dei hadde vore borte vekk. For det har aldri vore ein arkeolog som har vist interesse for under kyrkja, kanskje har dei ikkje visst om det heller.

14 middelaldermynter funnet under kirkegulvet på Edøy gamle kirke
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Det endra seg då det viste seg at myntane var litt meir enn berre kjellarfyll.

– Avtalen var at eg skulle gi dei bort viss eg fekk historia som vederlag. Fylkesarkeologen fordjupa seg skikkeleg då han først tok tak i det, så all ære til han. Det gav meg mykje meir enn å ha dei gøymt bort i ein skuff, seier Fugelsnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL