Hopp til innhold

Her ruslar gaupa rundt i hagen

I fleire dagar har ei stor gaupe vore på besøk i hagen til Else Margrethe Haugen. Ekspertar seier at gaupa ikkje er så sky som mange trur.

Gaupe et rådyr

Gaupa et på ein rådyrbukk i hagen til Else Margrethe Haugen.

Foto: Else Margrethe Haugen / Privat

– Det såg ut som ein leopard med store tjukke, lange føter, seier Else Margrethe Haugen om gaupa som har vore på besøk i hagen hennar i Stangvik på Nordmøre dei siste dagane.

72 -åringen såg gaupa første gang i går då den åt på eit rådyr som den truleg hadde drepe natt til søndag. Gaupa var tilbake i hagen i går, og då sat Haugen klar med kameraet.

–Den kom veldig nær huset. Det var veldig spanande å sjå den. Men eg kunne ikkje tenkje meg å møte den på heilt nært hald. Det var litt skummelt rett og slett, seier Haugen engasjert.

Gaupe ved tre

Gaupa kom heilt opp til huset.

Foto: Else Margrethe Haugen / Privat

Ho trur det kan vere fleire gauper i området.

–For tre veker sidan såg svigerinna mi tre gauper på Kvanne. Det var vel kanskje ei familie.

Gaupe et åte

Gaupa i Stangvik bryr seg lite om anna enn rådyrbukken som den et på.

Foto: Else Margrethe Haugen / Privat

– Heilt sikkert ei familie

–Er det tre gauper saman så er det heilt sikkert ei familie. Det seier rovviltkontakt i statens naturoppsyn, Alv Ottar Folkestad.

Han er ikkje overraska over at det er gauper i Stangvik. Surnadal er ei av dei kommunane i Møre og Romsdal der det er størst sjanse for å sjå gaupe. Der har gaupa store område å boltre seg på og det vil dette individualistiske kattedyret gjerne ha.

Ikkje så sky som mange trur

–Gaupa vil vanlegvis vere for seg sjølv, men på natta er ho ikkje redd for å kome nær på folk og hus, fortel Folkestad.

Han meiner det er ein myte at gaupa er så sky av seg.

–For nokre år sidan kom ei gaupe opp på terrassen til folk i Syvden. Der stod dei med open altandør og såg rett på gaupa. Det har vi bevist med spor. Så det er ein myte at den er så sky. I alle fall ikkje på nattetid, forklarar Folkestad.

Gaupe i farta

Ei luskande gaupe i Stangvik på Nordmøre.

Foto: Else Margrethe Haugen / Privat

Samtidig er det ganske spesielt at Haugen har sett den i dagslys.

–Det er nok ganske uvanleg å sjå gaupe på dagtid som her. Men når den har eit rådyr å ete på er det meir forståeleg, seier rovviltkontakten.

Else Margrethe Haugen trur at gaupa no har tatt med seg resten av rådyrbukken litt vekk frå huset.

–I dag var det berre ein fot igjen så no spørst det om den kjem tilbake noko meir, forklarar dama som har hatt villkatten på besøk i hagen dei siste par dagane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL