Hopp til innhold

Dette gaupe-forslaget får kritikk

– Eg er rett og slett veldig skeptisk. Rovdyr og beitedyr går dårleg i hop. Så enkelt er det, seier leiar Odd Bjarne Bjørdal i Møre og Romsdal Sau og Geit.

Gaupe

Rovviltnemnda ta ei ny grense-vurdering på kvar ein skal ha gaupe neste år.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Bjørdal er lite glad for at gaupa på Moldehalvøya kan bli freda.

I programmet Ut i Naturen i går kveld kom det fram at Naturvernforbundet går inn for freding, og at Rovviltnemnda i region Midt-Norge vil vurdere forslaget.

Odd Bjarne Bjørdal

Odd Bjarne Bjørdal er skeptisk til freding av gaupa, fordi han veit at tap av dyr allereie er eit problem i Molde-traktene.

Foto: Knut Hustad

Odd Bjarne Bjørdal er skeptisk, fordi han veit at tap av dyr allereie er eit problem i Molde-traktene.

– Gaupa er komen for å bli, men vi i Sau og Geit stussar veldig over at ho skal totalfredast. Dette vil ikkje vere positivt for småfenæringa, ettersom beitedyr og rovdyr går dårleg i hop. Eg er rett og slett veldig skeptisk, seier Bjørdal.

Ny vurdering neste år

Det er Stortinget si oppgåve å sikre ei forsvarleg rovviltforvaltning her i landet.

Samstundes er det rovviltnemnda i Midt-Norge som har ansvaret for at gaupestanden i fylket er på nivå med det Stortinget har bestemt.

Toril Melheim Strand i Rovviltnemnda – Midt-Norge meiner det ikkje er problematisk å frede Moldegaupa, dersom folk vil.

Ho seier Rovviltnemnda ta ei ny grense-vurdering på kvar ein skal ha gaupe neste år.

– Då kan det vere aktuelt å ta inn Moldehalvøya fordi det kanskje ikkje er så mange beitedyr der. Kanskje kommunestyret i Molde tykkjer det er greitt å ha gaupa i sin fauna? Det er i alle fall ein fordel for oss å ha eit større område for dei to formeiringsgruppene i fylket, seier Strand.

– Kva risiko kan freding medføre?

– Det er ingen risiko for folk, men det kan vere risikabelt for beitedyr. Sauebønder kan tape fleire dyr, og det kan verte langt færre rådyr for dei som driv med jakt. Rådyr er gaupa sin livrett.

Sjå gaupa vandre i fri natur:

Gaupa kan bli freda på Moldehalvøya. Rovviltnemda er positive til eit forslag om å utvide rovdyrområdet i fem romsdalskommunar og dermed kan det bli forbudt med fri jakt på gaupa i framtida.

Gaupa kan bli freda i Molde.