NRK Meny
Normal

Dette er ingen pusekatt

Else Margrethe Haugen i Surnadal trudde knapt sine eigne augo då ho såg ei gaupe som spankulerte nedanfor huset hennar søndag kveld.

Gaupe

Gaupa spankulerte roleg rundt sjølv om Else Margrethe Haugen var ute med fotoapparatet.

Foto: Else Margrethe Haugen

Gaupe

For nokre veker sidan vart ein gaupefamilie observert på hovudvegen i Kvamme. I Stangvik var det berre ei gaupe som vart observert.

Foto: Else Margrethe Haugen

– Gaupa var ikkje redd i det heile, ho gjekk berre roleg omkring, fortel dottera Tone Haugen Nordvik til lokalavisa Driva. Det ville kattedyret oppheldt seg få meter unna huset til mor hennar i Stangvik.

Tidlegare på dagen hadde familien funne ein død rådyrbukk med hol i strupen på den same staden som gaupa snusa og gjekk, skriv avisa.

– Gaupa var nok klar for kveldsmaten sin, men fann han ikkje sidan rådyret hadde blitt lagt inn i eit reiskapshus, seier Else Margrethe Haugen til NRK.

Ville ha bildebevis

Medan dottera og svigersonen følgde med frå vindauget, våga 72-åringen seg ut for å sikre gode bildebevis på gaupebesøket.

– Det var heilt pussig. Gaupa merka ikkje at eg var i nærleiken. Eg gjekk meir og meir frampå for å få betre bilde, men ho såg ikkje ut til å reagere. Eg trur det var litt vindtrekk som gjekk i min favør, seier Haugen.

Skal følgje med

Ulf Lucasen

Ulf Lucasen er fagsjef hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Sjølv om gaupa ikkje verka aggressiv, innrømmer Haugen at det var litt skummelt å sjå ei gaupe eit steinkast unna inngangsdøra.

– Det var ei stor gaupe, så det var skummelt der ho luska borti skogen. Eg trur ho vil kome tilbake igjen, seier Haugen.

– Eg skal følgje godt med og sitje på post med fotoapparatet! legg ho til.

Ikkje folkesky

Ulf Lucasen, fagsjef hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, er ikkje overraska over at gaupa gjekk tett innpå heimen til Haugen i Stangvik.

– Det er i grunnen ein myte at gaupa er folkesky. Rådyr går ofte tett på folk og då følgjer gaupa etter, seier Lucasen.

Fagsjefen seier gaupa elles er flink til å passe seg og smyge unna når ho merker at det er fare på ferde.

– Ho er frekk og bergar seg lett unna. Det har til dømes vore gaupejakt no i februar og mars utan at ei einaste gaupe har blitt felt, seier han.