Hopp til innhold

Lokal mat i vinden som aldri før

Mat har vorte mote og stadig fleire oppdagar lokal mat. Talet på produsentar som sel kortreist mat har auka kraftig dei siste åra.

Lokal mat

Lokal mat frå Møre og Romsdal blir stadig meir populært.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Det er søte tider, og sjokoladen frå den vesle einmannsbedrifta på Emblem i Ålesund er ei ettertrakta vare.

Trude Vadset Huse

Trude Vadset Huse produserer sjokolade og bruker ofte lokale ingrediensar.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Når eg kan seie at eg lagar sjokolade med for eksempel salt frå Gossen eller lokale bær ifrå Valldal, då blir folk veldig positive, seier Trude Vadset Huse som står bak sjokoladebedrifta Pralina.

For enten det er søtt eller salt, no er det lokal mat som er alt.

– Det er absolutt ein trend som er i ferd med å bite seg kraftig fast, seier sjokoladeprodusenten.

– Svært attraktivt

Men sjokolade er berre ein av dei mange kortreiste matbitane i matfylket Møre og Romsdal. Onsdag kveld danka Tingvollost ut alle konkurrentane under VM i ost i San Sebastián i Spania med blåmuggosten «Kraftkar». Og dette er berre to av dei mange eksempla på kortreist mat som blir produsert her i fylket.

Sjokoladeproduksjon

Sjokolade er ein av dei populære lokalmatvarene frå Møre og Romsdal.

Foto: Gunhild Sætre / NRK
Janett Roelofs og Kirsti Indreeide

Janett Roelofs og Kirsti Indreeide i Stolt Mat sine lokale på Sjøholt.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Lokalprodusert mat har blitt eit stadig viktigare satsingsområde, og ved butikken Stolt Mat på Sjøholt finst det kortreist mat frå heile fylket.

– Jo fleire produsentar eg har, dess meir attraktivt er det for kundane. Vi starta med rundt femten produsentar i fjor og no er vi rundt førti, seier Janett Roelofs, eigar av Stolt Mat.

Butikken blir driven nokre dagar i veke ved sidan av ein annan jobb og har eksistert i vel eitt år. Tanken er at mest mogleg av det som blir produsert i matfylket Møre og Romsdal skal finnast her. Og det store utvalet er nettopp det kundane sett pris på, seier Roelofs.

– Eg har faste kundar som kjem hit kvar veke. I dag var det ein kunde som hadde høyrd om oss og valde å køyre heilt frå Standa for å kome hit og kjøpe mat, seier ho.

Stor utvikling

Lokal og kortreist mat har etter kvart blitt ei næring å rekne med, fortel Kirsti Indreeide, matkontakt ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kirsti Indreeide

Kirsti Indreeide er matkontakt ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Dei som satsar i Møre og Romsdal sel alt dei produserer. Eg kjenner ingen som har lageret fullt av varer. Alle står på for å levere det dei kan og det er mange som ønskjer å kjøpe denne maten, seier ho.

Indreeide fortel at det har skjedd ei stor utvikling i forhold til kortreist mat dei siste ti åra. I dag finst det rundt 150 lokalprodusentar i Møre og Romsdal, som mellom anna leverer til butikkar og restaurantar, både her og utanfor fylkesgrensa.

– Det skjer veldig mykje spennande no, og eg trur vi kjem til å sjå mykje meir lokal mat framover, seier Indreeide.

Men det er framleis plass til fleire.

– Vi ønskjer å oppfordre alle som har ei interesse for dette til å starte og produsere lokal mat.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL