Hopp til innhold

«Kraftkar» kåra til verdas beste ost

Tingvollost danka ut alle konkurrentane under VM i ost i San Sebastian i Spania med blåmuggosten «Kraftkar» onsdag kveld.

Gunnar Waagen

Styreleiar i Tingvollost, Gunnar Waagen skulle berre til Spania for å kike litt. Overraskinga vart difor stor då «Kraftkar» vart utpeika som verdas beste ost.

Foto: The Guild of Fine Food

Rundt 300 dommarar frå heile verda har smaka på 3021 ostar under World Cheese Awards, og blant alle dei var det «Kraftkar» som stakk av med sigeren. Nede i salen sat ein mållaus styreleiar i nordmørsbedrifta Tingvollost.

– Eg jubla og tørka tårer og stotra fram nokre rare ord på engelsk, fortel ein tydeleg rørt Gunnar Waagen til NRK onsdag kveld.

– Dette er stort!

Gunnar Waagen hadde aldri vore på arrangementet før, men i år reiste han til Spania for å kike og for å hente inspirasjon til NM i ost. At han plutseleg skulle verte intervjua av journalistar frå heile verda fordi «Kraftkar» vann heile verdsmeisterskapen var han ikkje førebudd på.

– Vi kjem frå vesle Møre og Romsdal og klarte å konkurrere ut alle andre. Det er totalt uverkeleg. Dette er stort!

Blåskimmelosten Kraftkar

Den spesielle blåmuggosten «Kraftkar» har teke Tingvollost til topps i World Cheese Awards.

Foto: Tingvollost

Bedrifta byrja først å delta i ostekonkurransar i 2011, og det har vorte mange prisar på vegen. I kategorien blåmuggost har «Kraftkar» lenge vore av dei beste, men denne gongen vart alle kategorivinnarane sett opp mot kvarandre for å finne ut kva som er den beste osten av alle som vert laga i verda.

Og den som stod att til slutt var nettopp «Kraftkar» frå gardsmeieriet på Tingvoll, med 18 tilsette.

Særeigen blåmuggost

Då familiebedrifta Tingvollost blei ropt opp i San Sebastian i Spania onsdag kveld, sat meieribestyrar Egil Smith-Meyer heime i Tingvoll klar til å legge ungar. At «Kraftkar» skulle vinne hadde han aldri trudd.

– Eg trudde det var fullstendig uoppnåeleg! Her snakkar vi om alle dei store ostane som alle kjenner til. Det er surrealistisk at vi har vunne!

– Ein ser alltid opp til dei som er best i klassen. No står vi der plutseleg sjølv og har banka verdseliten ned i støvlane.

Familiebedrifta har alltid hatt lyst til å vise fram at ein også i Noreg kan lage ost av god kvalitet, og no ser heile verda til Tingvoll.

– «Kraftkar» er særeigen. I staden for å kopiere andre ostar, har vi klart å skape ein ny type blåmuggost.

Tingvollost

Dommarane i World Cheese Awards var heilt bestemte på at det er «Kraftkar» som er den beste osten i verda.

Foto: Norsk Gardsost

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL