Hopp til innhold

Bygdefolket rasar over ferjetilbod - fylket kan ikkje love betring

Øyfolket på Ona og Sandøy er mektig leie etter alt trøbbelet med ferja Kvaløy. Dei kan ikkje leve med uvissa om ferja går eller ikkje. Oddbjørn Vatne i fylkeskommunen seier dei skal sjå om det ligg føre eit kontraktsbrot.

Fergerot

Bilferja Kvaløy vart sett inn i sambandet for halvanna år sidan. Det har frå første dag vore problem.

– Eg forstår at vi får kritikk når ting ikkje fungerer, men vi skal gjere vårt beste og sjå korleis sambandet har fungert over tid. Deretter vil vi fatte ei vurdering om dette er i samsvar med kontrakta, seier Oddbjørn Vatne i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Heilt frå den aller første dag då den nye bilferja «Kvaløy» starta å trafikkere sambandet Ona-Sandøy- Orta- Finnøy- og Småge 1. januar 2012 skar det seg. Ferja grunnstøtte på ein av dei første turane.

Sidan den tid har sambandet vore prega av mykje tekniske vanskar og driftsstans. Denne veka skjedde det igjen, og no er det hovedmaskina som har problem. Bygdefolket har snart mist tolmodet med ferjeselskapet Torghatten Nord.

Vatne kan enn så lenge ikkje love betring frå fylkeskommuna si side.

– Vi vil følgje opp dette, og sjå på om der er eit kontraktsbrot. Dersom det er slik, så vil vi gjere noko med det.

Tør ikkje besøke øyane

– Folk aner ikkje om dei kjem seg ut på øyane eller om dei kjem seg heim. Denne uvissa kan vi ikkje leve med, seier Olav Ellevset.

Han er leiar i Sandøy vel og meiner at folk snart ikkje tør å ta turen til Ona eller Sandøy, av frykt for å ikkje kome seg derifrå med bilen sin. Det er sett opp hurtigbåt til erstatning for ferja.

LES OGSÅ:

Vanskeleg samband

Olav Ellevset

Olav Ellevset meiner at fylkeskommunen må bryte kontrakten med Torhatten Nord dersom sambandet ikkje vert meir stabilt.

Foto: privat

Ellevset har snart ikkje tal på kor mange episodar det har vore med innstilt ferje, anten på grunn av dårleg vêr eller tekniske vanskar. På Ona er det berre eit tjuetals fastbuande, men talet på hytter og fritidseigedomar er aukande. På Sandøy har dei opplevd ein liten vekst i folketalet. Også der er helge og ferietrafikken i vekst.

– Sambandet er truleg eit av dei vanskelegaste i landet og då krevst det god maskinkraft og manøvrering, seier Ellevset.

Bryte kontrakten

Han synest det er rart at hovudmaskina på ferja kneler etter berre halvanna år. Slik velforeiningane på Ona og Sandøy ser det, har ferjeselskapet undervurdert både vêrtilhøva og farvatnet. Frykta er at ferja skal få motorhavari på sjøen i dårleg vêr og gå på grunn.

– Dersom ferjeselskapet ikkje sørger for at sambandet vert forutsigbart, forventar vi at fylkeskommunen bryt kontrakten, seier Ellevset.

Kapteinen er kritisk

Frustrert over ferja

Ingvar Sandøy og Arve Linngsvoll er frustrerte over at ferjetilbodet er så usikkert.

Foto: Frode Berg / NRK

Arve Linningsvoll er kaptein på ferja. I tillegg driv han gardsbruk på Sandøya og leiger areal på Harøy og Aukra. For å kunne frakte rundballane heim til garden, er han heilt avhengig av ferja. Etter havariet vart det dermed umogleg å ta 2. slåtten.

– Det burde ha vorte sett strengare krav til manøvreringsevne, seier Linningsvoll.

Han meiner at fylkeskommunen burde ha sett krav i kontrakten om at det skulle kome erstatningsferje innan tre dagar ved driftsstans.

Endre avtalen

Også ordføraren i Sandøy kommune, Hans Endre Sæterøy er kritisk og har sendt brev til fylkeskommunen. Han meiner at kontrakten med ferjeselskapet må reforhandlast og at eit punkt om reserveferje må kome inn i avtalen.

–Det er merkeleg at dette ikkje er ein del av avtalen, skriv han i brevet.

Saka held fram under videoen

Reserveferje på veg

Driftssjef Emil Berg i Torghatten Nord seier til NRK at selskapet beklagar dei tekniske problema, og seier dei har eit stort ønskje om å oppretthalde kontinuerlig drift av ferja Kvaløy.

– Eg forstår at innbyggjarane er frustrerte, men vi gjer alt vi kan for å oppretthalde regulariteten.

– Kor redd er de for at fylkeskommunen vil bryte kontrakta, slik bygdefolket no vil?

– Vi held oss til den eksisterande kontrakta på sambandet, seier Berg, og understreker at selskapet har vist ein positiv trend på sambandet fram til denne siste hendinga.

Berg seier dei har sendt ei reserveferje frå Tromsø i dag (tysdag), og seier den vil vere i rute frå torsdags kveld eller tidleg fredag. Denne vil vere i drift fram til Kvaløy er tilbake i sikker drift.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL