Hopp til innhold

Gravferd med forviklingar

Det blei forviklingar då den 89 år gamle kvinna skulle gravleggjast på Ona. Ferja hadde tekniske vanskar, og erstatningsbåten mista propellen.

Gravferd Ona

Her har bårebilen med kista komen til Finnøya. Etter kvart vart det tilkalt ny hurtigbåt frå Ålesund. Ferja hadde fått tekniske vanskar og den første hurtigbåten miste propellen.

Foto: Hilde Stokke

Først seinare på dagen kunne gravferda avviklast. Men det var utan bårebil. Og det er ein halv kilometer frå forsamlingshuset Stormly til gravstaden på Husøy.

Det er nettstaden til Romsdals Budstikke som skriv om denne noko spesielle hendinga i dag.

– Aldri opplevd slikt før

Ein av dei som bur fast på Ona gjekk bort sist veke i ein alder av 89 år. Gravferda skulle etter planen vere på forsamlingshuset Stormly på Ona i dag klokka 12.

– Eg har aldri opplev ein slik situasjon tidlegare, seier gravferdsagent Arild Kirkeland. Han har drive Kirkeland begravelsesbyrå i Molde i 16 år, og har delteke ved dei fleste gravferdene på øyane siste åra.

Søndagssol på Ona fyr

Det er planlagt gravferd på Ona klokka 12.00 i dag. Men kist med den avdøde nådde ikkje fram til fastsett tidspunkt. Med det tredje fartyet kom imidlertid kista fram til Ona, noko forseinka.

Foto: Bjarne Midttømme

– Båra i passasjerbåt

Etter planen skulle passasjerbåten «Nordic Lady» ta seg av transporten då bilferja «Kvaløy» fekk vanskar. Det i seg sjølv var eit moment som førte til at transporten blei annleis enn vanleg. Kista måtte berast om bord, og fraktast saman med andre reisande.

– Vi får jo ikkje bårebilen med oss om bord i «Nordic Lady». Men folk er vane med å ta ting som dei kjem, seier Kirkeland til avisa.

Bilferja Kvaløy

Bilferja Kvaløy har tekniske vanskar. Det har skapt problem for gravferda på Ona i dag.

Foto: Hilde Søreng / NRK

Mista propellen

Men så enkelt var det likevel ikkje. Klokka kvart på ti tok historia ei ny vending. Passasjerbåten «Nordic Lady» miste ifølgje Romsdals Budstikke propellen.

– Dermed ser det ut til at den einaste måten å få kista til Ona ikkje går, skriv avisa.

– Mange ventar

Torsdag formiddag venta mange på gravferda som skulle ta til klokka 12.00. Vanlegvis brukar mange å delta på gravferdene på Ona. Ofte brukar det å kome dobbelt så mange som talet på faste bebuarar. Den avdøde 89-åringen er ein kjend person på Ona, som mange tykte svært godt om.

Ho har vore ein institusjon på Ona og ein viktig person i alle år. Seinast sist veke deltok ho i gudsteneste på forsamlingshuset Stormly på Ona, seier sokneprest Per Inge Eide.

Nordic Lady, Cruice Service AS.

Passasjerbåten Nordic Lady skulle brukast til å frakte kista. Men denne båten miste propellen ved 10-tida.

Foto: Arkiv. / NRK

Bestilte ny båt

Ved 11.30-tida, berre ein halv time før gravferda etter planen skulle starte, står bårebilen framleis på Finnøya. Der står han og ventar på at det skal kome ein ny passasjerbåt frå Ålesund.

– Ja, no står vi og ventar på passasjerbåten «Fjord Ålesund». Når denne båten kjem må vi få kista ombord, og så skal vel dette løyse seg, seier Arild Kirkeland til NRK.

Det skal altså bli gravferd i løpet av dagen?

– Ja, vi vonar det skal gå bra no. Men ei god forseinking blir det heilt sikkert, seier gravferdsagenten på telefon frå kaia på Finnøya.

Bårebilen kjem seg ikkje vidare til Ona. Andre bilar er ikkje eigna til denne typen transport. Det vert dermed eit stykke å bere kista på øya Ona når båten «Fjord Ålesund» kjem fram.

– Må gå i kraftig vind

Torsdag formiddag bles det kraftig nordvest vind på Ona. Det kjem til å bli gravferd i løpet av dagen, men det blir hustrig og kaldt for dei som deltek.

Vi får jo ikkje med oss bårebilen. Dermed må vi gå frå forsamlingshuset Stormly til gravstaden på Husøy. Dette er ei strekning på ein halv kilometer. Dette er kanskje det mest kritiske av alt, seier sokneprest Per Inge Eide til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL