Hopp til innhold

Politikarane sa nei – ingen billettauke på bussar, ferje og hurtigbåt

Dragkampen om pengane og kva som må kuttast starta i fylkesutvalet i Møre og Romsdal tysdag føremiddag. Fylkeskommunen har hamna i ei økonomisk hengjemyr. Men politikarane vil ikkje gjere det dyrare å ta bussen, og heller ikkje auke ferjetakstane.

Ferje

Fleirtalet av politikarane i Møre og Romsdal vil ikkje auke billettprisen på ferjene i fylket.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Å auke billettprisen på buss og hurtigbåt med ikkje mindre enn 20 prosent er eit veldig dårleg forslag. Det same gjeld forslaget om å auke prisen på FRAM Ung. Det er miljøfiendtleg og det er usosialt. Dette er å flå folk. Og det rammar ungdomen.

Jonas Nilsen (MDG) fyrte laus mot kuttforslaga frå fylkeskommunedirektøren og fekk raskt støtte frå dei andre politikarane i fylkesutvalet. Auken er foreslått som ein del av ein hestekur for å få orden på økonomien.

Men dette er tiltak som svir for folk flest og reaksjonane har vore sterke.

Jonas Nilsen (MDG) i fylkesutvalget i Møre og Romsdal i april 2024.

Det er heilt uaktuelt å auke billettprisen på buss og hurtigbåt, sa Jonas Nilsen (MDG).

Foto: Trond Vestre / NRK

Krevjande

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak har også foreslått å auke ferjebilletten på dei ferjene der det er betaling i dag. I sum har ho foreslått å auke ferjebilletten med to takstsoner.

Arbeidarpartiet ville godta å auke ferjebilletten med ein takstsone, men det var ikkje med lett hjarte, sa Line Hoem (Ap). Ho viste til innsatsen stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) har gjort for å kutte ferjeprisane.

– Det er krevjande å gjere dette når vi har ein ferjepolitisk «wonderboy» på Stortinget.

Geir Ove Leithe (Ap) og Line Hoem (Ap) diskuterer økonomi i fylkesutvalget i Møre og Romsdal i april 2024.

Geir Ove Leithe (Ap) og Line Hoem (Ap) diskuterer den økonomiske situasjonen møtet i fylkesutvalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Uaktuelt

Arbeidarpartiet ville også redusere ein del av den påplussinga på 50 millionar kroner til asfalt på fylkesvegane som fleirtalet i fylkestinget fekk vedtatt i desember. Men det ville ikkje fleirtalet med Frp, Høgre, Venstre og KrF vere med på.

– Det er uaktuelt å auke ferjetakstane. Og vi er nøydd til å utbetre fylkesvegane. det handlar om folk. Og det handlar om næringslivet, sa Pål Farstad (V).

Pål Farstad (V) i fylkesutvalget i Møre og Romsdal i april 2024.

Pål Farstad (V) forsvarte påplussinga på 50 millionar kroner til fylkesvegane og seier det er uaktuelt å auke ferjetakstane.

Foto: Trond Vestre / NRK

Versting

Dermed hadde politikarane skote ned fleire av kuttforslaga som fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak har lagt fram. Ho har gjort det klart at Møre og Romsdal fylkeskommune kan hamne på Robek-lista dersom det ikkje blir gjennomført naudsynte kutt. Det inneber at ein ikkje lenger har kontrollen over eigen økonomi.

Møre og Romsdal har den klårt høgaste lånegjelda blant alle fylkeskommunane i landet. Faktisk er den nær dobbelt so høg som gjennomsnittet, viser tal frå SSB.

Møre og Romsdal har i tillegg det lågaste netto driftsresultatet blant fylkeskommunane i landet, og er også den fylkeskommunen som har sett av minst pengar på disposisjonsfondet.

Les også Fylkeskommune kan miste kontrollen over eigen økonomi: – Vi må gjere kutt no

Toril Hovdenak fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal

Svaret frå fleirtalet er å skubbe på flest mogleg av investeringane. Men det er lagt inn planleggingsmidlar til Todalsfjordprosjektet og det er sett av pengar til fylkesveg 60. Også forslaget om å leggje ned hurtigbåten til Hamnsund blir reversert. Utbetringa av Ørsta vidaregåande skule blir også gjennomført.

I tillegg tok fleire til ordet for eit nytt ferjeopprør. Møre og Romsdal fylkeskommune bruker meir pengar til ferjedrift enn det Staten meiner det er behov for.

Monica Molvær (H) og Geir Stenseth (Frp) i fylkesutvalget i Møre og Romsdal i april 2024.

Monica Molvær (H) presenterte fleirtalet sitt forslag under møtet i fylkesutvalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

55 årsverk skal bort

For fylkeskommunedirektøren blir dette svært utfordrande. Toril Hovdenak peika på at det i utgangspunktet ligg an til at 35 årsverk skal bort.

Men fleirtalet vil kutte meir i administrasjonen. Ifølge Hovdenak inneber dette at ytterlegare 20 årsverk skal bort

– Eg er svært uroa for korleis vi skal få til dette. Eg ser ikkje heilt korleis vi skal oppretthalde forsvarleg drift, var bodskapen frå Toril Hovdenak til politikarane.

Og Møre og Romsdal fylkeskommune kjem truleg til å gå med underskot i 2024.

– Vi hadde ein inntektssvikt på over 60 millionar kroner innanfor kollektivtransport i 2023. Den ser vi blir vidareført i 2024. Det er ingenting som tyder på at dette vil rette seg opp. Og det inneber at vi kjem til å gå ut av 2024 med eit tilsvarande meirforbruk.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i fylkesutvalget i Møre og Romsdal i april 2024.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak er uroa for korleis kutta i administrasjonen vil slå ut.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er fylkestinget som skal gjere det endeleg vedtaket 22.- 24. april. Men fleire politikarar sår tvil om fleirtalet har reell inndekning i sitt forslag.

– Vi merkar oss at fylkeskommunedirektøren er uroa for om dette er mogleg å få til utan at det får store konsekvensar for tenestetilbodet i fylket, seier Line Hoem (Ap).

Monica Molvær (H) seier fleirtalet har inndekning, men ho forstår at dette blir krevjande å få til.

– No jobbar vi knallhardt med detaljane for å få til ein inndekning som kan skje på ein god måte. Og det trur eg vi skal få til.