Hopp til innhold

– Dette har blitt ein farse

Folket på øyane på Romsdalskysten jubla då den nye ferja kom. Det var julegåva deira, og den nye livsnerven i kontakten med fastlandet. Slik skulle det ikkje gå.

Video ONA FRUSTRERT OVER FERJA

Folket på Ona er frustrerte over ferja. Ho skulle ta øyane inn i ei ny tid. Men ferja har til no ikkje klart å fungere i sambandet.

Det har vore ei omfattande anbodsrunde for ferjetrafikken på kysten. Resultatet blei mellom anna at ferjeselskapet Torghatten skulle ta seg av ferjetrafikken til øyane Småge, Orta, Finnøya, Sandøya og Ona.

– Folk blir frustrerte

Eitt av krava var at selskapet måtte stille med heilt ny ferje. Ferja kom. Men det gjekk ikkje mange timane før det blei klart at ferja ikkje klarte å manøvrere i det verharde og straumfylte området. Den spesialteikna ferja eigna seg ikkje i sambandet. Sidan nyttår har dei vore utan ferje.

Oddgeir Viken

Oddgeir Viken er fortvila over at øyane er utan ferjesamband.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er ein farse heile greia. Folk blir meir og meir frustrert, seier Oddgeir Viken, leiar i Ona vel.

– Utrygg på framtida

Øya Ona, med fyret, har ein heilt spesiell klang blant mange. Her finn mange ro, og fleire har etablert seg der for å finne akkurat denne roa. Anne Marit Steinshamn driv keramisk verstad på øya. Ho brukar leire i store mengder.

Anne Marit Steinshamn

Anne Marit Steinshamn ser med uro på framtida, og ikkje ferjesaka blir løyst.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Leira toler ikkje frost. Det dreiar seg om mange hundre kilo. Denne kan ikkje bli ståande på ei kai, seier Anne Marit Steinshamn.

Oddgeir Viken og Anne Marit Steinshamn har budd på Ona i 40 år. No er dei i ferd med å misse håpet om å bu på ein stad med stabilt ferjesamband.

Her skulle eg ha arbeidet mitt langt inn i pensjonsalderen. No føler eg meg veldig utrygg på framtida, seier Steinshamn.

– Det blir sanksjonar

Frå øybebuarane kjem det no kraftig kritikk mot at det blir sett inn ei ferje som ikkje taklar det verharde området. Fylkeskommunen sender kritikken vidare til selskapet, og varslar ei form for dagbøter.

– Fylkeskommunen kan kome med sanksjonar. Vi kan kome med gebyr, som vi baserer på avvik i forhold til kva som er beskrive i kontrakten, seier seksjonsleiar i fylkeskommunen Dag Hole.

– Kjem de til å gjere det?

– Ja, det blir gjort i dette tilfellet. Sanksjonen skal bereknast ut frå ein kvartalsvis leveranse. Dermed har vi ikkje gjort dette enno, men det er nærliggnande å tenkje seg at vi gjer det når kvartalet er over, seier Hole.

– Vi er avhengige av ferja

Ferjeselskapet Torghatten driv no sambandet med ein hutrigbåt. Denne båten kan ikkje ta med seg bilar. Dette skjer etter at dei først prøvde å setje inn søsterferja til Kvaløy. Men også denne ferja skrapa i botnen, og måtte ut av sambandet.

– Folk har byggeplanar her. Dei som pendlar til arbeid er avhengig av at ferja går, og at dei kan legge opp dagen slik andre folk gjer, seier Viken.

– Ei nedbygging av øysamfunnet

Ferja «Kvaløy» har fått påmontert nye styrefinnar. Men dette er knapt halve reparasjonen som må til. Ferja skal også få sidepropellar bak. Dette arbeidet er utsett, fordi ferja skal prøvast i sambandet etter at søsterferja blei skadd.

– Dette berre forlengar verkstadopphaldet til «Kvaløy». Dersom dei ikkje får til dette, er det snakk om ei rein nedbygging av eit heilt øysamfunn, seier Viken.