Hopp til innhold

Heilt ny ferje fekk problem

Søndag var aller første dagen den nye ferja "Kvaløy" gjekk i rute. Men så var uhellet ute. Sjøfartsdirektoratet skal no i nitida ombord i bilferja Kvaløy på Småge for å kontrollere ferja.

Bilferja Kvaløy

Bilferja Kvaløy fekk problem allereie første dag på ruta.

Foto: Torghatten Nord

Bilferja Kvaløy

Bilferja ligg no til kai ved Ona og ventar på dykkarar.

Foto: Hilde Sørmoen
Bilferja Kvaløy vart døpt

20.desembert vart ferja døypt.

Foto: Torghatten Nord

Manneksapet la ferja til ro på Ona i går fordi dei trudde den kanskje hadde hatt ei grunnberøring på første turen i går.

Les også:

Ingen folk

Den flunkande nye ferja "Kvaløy" fekk problem allereie på første dagen i rute mellom Ona-Sandøy- Orta- Finnøy- og Småge.

– Mannskapet har ein mistanke om at det har vore ei grunnberøing, seier marknads- og kommunikasjonssjef Viviann Eikanger, i Torghatten Nord.

Det var ingen bilar eller passasjerar om bord under hendinga. Ferja ligg no til kai ved Ona og ventar på dykkarar. Hendinga er rutinemessig meldt inn til Sjøfartsdirektoratet.

Nettopp døypt

Det er tromsøselskapet Torghatten Nord som driftar strekninga.

Ferja Kvaløy vart døypt på hurtigrutekaia i Molde 20. desember med Gunn Berit Gjerde som gudmor.

Uheldig

At den har vore ute for grunnberøring allereie første dag, ser Ekanger på som eit hendeleg uhell.

– Vi har flinke sjøfolk om bord, så dette er berre slikt som kan skje, seier ho til NRK.

Ferja kjem tidlegast i rute i morgon tidleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL