Hopp til innhold

Legane vil ha rask avgjerd i sjukehussaka

Legane i Møre og Romsdal vil ha ei rask avgjerd om plasseringa av eit nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Legeforeinga meiner det no må setjast sluttstrek for ein lang og utmattande prosess, av omsyn til både tilsette og pasientar.

Helse Møre og Romsdal administrasjonsbygg styre

Legane i Helse Møre og Romsdal vil ha ei avklaring i sjukehussaka.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Bjarne Storset

Bjarne Storset er leiar i Møre og Romsdal legeforeining

Foto: Møre og Romsdal legeforening

– Vi har venta lenge på ei avgjerd om tomtespørsmålet. No ligg alle nødvendige dokument føre for å kunne ta ei avgjerd innan kort tid, det seier Bjarne Storset. Han er leiar i legeforeininga i Møre og Romsdal.

– Vi fryktar at ei utsetjing kan gå ut over kvaliteten på helsetenestene til pasientane i fylket.

Storset viser til at Helse Møre og Romsdal har ei rekkje vanskelege oppgåver som skal løysast i løpet av neste år. Han seier legane fryktar at desse vil hamne i skuggen av sjukehussaka dersom tomtevalet ikkje blir landa innan dei neste månadene.

– Det er veldig viktig at det ikkje dryger for lenge av omsyn til dette, seier han.

Vil ha avgjerd innan tre til fire månader

Storset presiserer også at legane ikkje tar stilling til om dei ulike sidene ved prosessen skal granskast, slik mange har kravd. Sjølv om dei ønskjer ei rask avklaring, meiner dei saka ikkje bør avgjerast 19. desember, slik helseministeren har sagt.

– Det er viktig å lytte til dei protestane som har kome mot ulike sider av prosessen før avgjerda blir tatt, slik at avgjerda blir tatt med nødvendig legitimitet. Det som er viktig for oss, er at dette ikkje skal trekke ut i fleire månader, seier han.

Storset meiner avgjerda bør vere klar innan tre til fire månader.

Fryktar for fagmiljøet

Legeforeininga sende i dag ut ei pressemeldingane der dei skriv at dei fryktar at ei vidare utsetjing vil gjere det vanskeleg å rekruttere fagpersonar til sjukehusa i fylket.

Storset seier det er vanskeleg å få helsepersonell til å satse på ein jobb i Møre og Romsdal så lenge det er usikkert kvar jobben vil vere i framtida.

– Vi er avhengige av å rekruttere eit hundretals nye fagpersonar til sjukehusa i fylket kvart år. Mange av dei er her i utdanningsstillingar i dag og vil vere på jakt etter jobb, seier Storset.