Hopp til innhold

Med havet rundt seg lærer dei sikkerheit til sjøs

Barn og unge deltek denne veka på sommarskule i regi av Redningsselskapet på Harøya. Der lærer dei om sjøvett og å bli trygg til sjøs.

Redningsselskapet Ung på Harøya

Vilde Molnes og Elise Underhaug synest det er kjekt å vere ute på sjøen.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Veit de kva det viktigaste å ha med seg på sjøen er?, spør instruktør Marius Ask Bakke før han går gjennom noko av det ein bør ha med seg på sjøen.

Etter litt diskusjon blir deltakarane til slutt einige.

– Det er redningsvest. Då flyt du dersom du dett ut av båten, seier Vilde Molnes (9).

Lærer sjøvett

Lokale instruktørar frå Redningsselskapet Ung arrangerer denne veka sommarskule på Harøya i Sandøy kommune. Der får 26 ungdomar i alderen 9–13 år lære om sjøvett, prøve seg til sjøs og leike i strandkanten. Dette er sjette året sommarskulen blir arrangert på Harøya, og det er tydeleg at skulen fell i smak.

Redningsselskapet Ung

Ungdomane får mellom anna lære om sikkerheit til sjøs. Her ved instruktør Marius Ask Bakke.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Det er veldig gøy å fare på sjøen og halde på med båtar. Eg likar best å vere ute i kajakk. Det var litt skummelt første gongen, men så blei det berre kjekt. Vi skal få prøve robåtar seinare denne veka, det gler eg meg til, seier Vilde Molnes.

– Ja, det kjekkaste er å få køyre båt og segle, seier Elise Inderhaug (10) engasjert.

I tillegg til å lære om sikkerheit, prøver instruktørane å vedlikehalde ulike tradisjonar knytt til ferdsel på sjøen. Ungdomane får mellom anna lære å knyte knutar.

– Dei lærer ei ny knute kvar dag. Vi synest det er viktig at barna lærer slike ting, og at vi kan halde på tradisjonane. Det gjeld også tradisjonane knytt til det å vere på sjøen og bruke havet, seier Marius Ask Bakke.

Lærer om sikkerheit til sjøs på Harøya

Deltakarar og instruktørar frå Redningsselskapet Ung.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Viktig for ungdomen

Sommarskulen gjekk føre seg ved Maritimt aktivitetssenter på Harøya. Senteret blei etablert av ungdomens kommunestyre i 2005, og er eit aktivitetstilbod retta mot ungdom. Der kan dei som vil kome å leige båtar, kanoar og anna utstyr.

– Vi kom i kontakt med Ingolf Mork i friluftsrådet som sa: «Sjå rundt dykk, de har havet», og det er heilt sant, seier Jørgen Ask Bakke.

Marius Ask Bakke

Jørgen Ask Bakke meiner det er viktig at barn og unge lærer å vere trygge til sjøs.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Arbeidet med senteret starta i 2005 og to år seinare stod det klart for bruk. Med havet rundt seg på alle kantar blei det ein naturleg plass for aktivitetar til sjøs. Bygginga og arbeidet med senteret har blitt gjort på dugnad.

– Alt blir gjort på dugnad, og alle tek i eit tak for å få dette til å fungere. I 2009 kom redningselskapet inn, og starta opp ei ung gruppe, så det har blitt mykje meir utstyr sidan då. Det skulle vere eit tilbod for ungdom, men no blir det nytta av vaksne og turistar også, seier Jørgen.

Dei siste åra har senteret blitt mykje brukt, både av lokale og tilreisande. Jørgen meiner det er viktig at ein har eit slik tilbod i nærleiken.

– Det er ikkje alle som har moglegheit til å ha slikt utstyr sjølv. I tillegg så ønskjer vi at ungdomen skal kome seg vekk frå datamaskina og bli med ut. Vi har fokus på sikkerheit og prøver å vise dei sjøvett. Eg trur det blir ekstra viktig når ein bur på ein plass omgitt av sjø, seier han.