Hopp til innhold

Lærer sjøvett og meistring

Opplæring i båtbruk og sjøvett er mangelvare i norsk skule. Det har Spjelkavik barneskule i Ålesund gjort noko med.

Sara Constanse Brotow Molland
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Elevane ved Spjelkavik barneskule i Ålesund er på plass i kvar sin kajakk. Dei er litt ustø og usikre, og innrømmer at kajakk både er gøy og litt skummelt.

Padleskule

Elevane ved Spjelkavik barneskule i Ålesund får lære seg å bruke kajakk.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Det går så fint så. Berre sit stabilt med kroppen, seier Stig Johansen, inspektør ved Spjelkavik barneskule.

Trass i at Sara Constanse Brotow Molland har gjort dette før er ho nervøs.

– Ja, eg er det. Eg har gjort det før og det er gøy, men eg er redd for å falle ut i vatnet og bli iskald, seier ho.

Viktig opplæring

Sjetteklassingane frå Spjelkavik barneskule i Ålesund, er blant dei heldige som får ei slik opplæring. Læraren synest nemleg det høyrer til her.

Stig Johansen

Stig Johansen meiner det er viktig at elevane lærer sjøvett.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Vi bur her vi bur langs kysten. For tre år sidan fann vi ut at det ikkje er nok med den svømmeopplæringa elevane får i basseng. Dei må kome oss ut i elementa for å bli trygg og god i nærmiljøa våre. Difor tenkte vi at kajakk måtte vere tingen, seier Johansen.

Elevane får prøve padling i femte, sjette og sjuande klasse. Og sjølv om fartøyet er lite og underlaget ustabilt, har det berre vore to velt i løpet av tre år. Læraren brenn for at fleire skal få lære å meistre sjøen.

– Vi hadde ingenting før vi starta med dette. Den einaste gongen elevane var på sjøen og fekk padle i skuleregi var når dei var på leirskule. Dei burde også ha moglegheit til å prøve robåtar for å lære seg å ro, seier Johansen.

Padlinga gav meirsmak

På turen lærar dei både å navigere kajakken, og øve seg på balansekunst. Og etterpå kjem den gode meistringskjensla.

Sara Constanse Brotow Molland

Sara Constanse Brotow Molland synest det er gøy å padle.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Det var vått og gøy, seier Sara Constanse Brotow Molland.

– Var du redd?

– Litt, eg held på å bikke til slutt og kolliderte fire gonger, seier ho.

Men likevel fekk ho ikkje nok av padling.

– Nei, eg vil ikkje reise heim. Eg vil gjere det igjen!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL