Hopp til innhold

Kvinne erklært død, men var i live: Krev nasjonale retningslinjer for nedkjølte pasientar

Det bør kome nasjonale retningslinjer for korleis ein skal behandle sterkt nedkjølte pasientar, meiner ekspertar.

Molde sjukehus

Det var her ved Molde sjukehus at kvinna blei erklært død, trass i at ho var i live.

Foto: Roar Strøm / NRk

Tidlegare i mars blei ei kvinne erklært død på sjukehuset i Molde, men ho var i live. Ifølgje Helse Møre og Romsdal går det bra med kvinna, og ho er utskriven frå sjukehuset. Kva som eigentleg skjedde då kvinna blei erklært død, er ikkje ferdig etterforska.

Den spesielle hendinga har uansett ført til ein debatt om kva ein kan gjere for å unngå fleire slike saker i framtida.

Det må på plass nasjonale retningslinjer for kva ein skal gjere med sterkt nedkjølte pasientar, meiner overlege Øyvind Thomassen ved akuttmedisinsk avdeling på Haukeland i Bergen.

Øyvind Thomassen

Øyvind Thomassen ved Haukeland vil ha nasjonale retningslinjer for behandling av sterkt nedkjølte pasientar

Foto: Privat

For det første er talet på personar som er kalde og skadde høgt i Noreg. Derfor er fokuset på aktiv varme og isolasjonshandtering av skadde pasientar livsviktig. Ei nasjonal retningslinje ville blitt sett i verk lettare og raskare enn berre ei fagleg retningslinje, seier Thomassen.

Han var med på å jobbe fram forslag til faglege retningslinjer hausten 2017. Desse vart sett i verk frå i fjor sommar, men dette er altså ikkje bindande nasjonale retningslinjer.

Fleire kompliserte saker

Det har vore fleire tilfelle der nedkjølte pasientar ikkje har fått den behandlinga dei burde få. I februar i 2018 vart ein mann i 50-åra sendt til Molde sjukehus med ein kroppstemperatur på 23 grader.

Dødsulykka ved Karihola i Kristiansund i 2010 var også sterkt med på å aktualisere retningslinjer i slike saker. I etterkant av ulykka, der to jenter omkom, fekk helseføretaket kritikk for ikkje å ha gode nok rutinar for oppvarming av alvorleg nedkjølte pasientar. Rapporten frå helsetilsynet året etter ulykka viste at det var fleire alvorlege manglar ved behandlinga av nedkjølte barn i heile landet.

Redningsaksjon ved Karihola

Redningsmannskap ved Karihola i Kristiansund i 2010 der to små jenter miste livet.

Foto: Bjørn Ove Angvik

Får støtte

Anestesilege og professor ved UiT, Noregs arktiske universitet, Torben Wisborg støttar kravet om nasjonale retningslinjer. Han har arbeidd lenge med saker som er knytt til behandling av personar som er sterkt nedkjølte.

Torben Wisborg

Torben Wisborg har lenge arbeidd med saker som er knytt opp mot Hypotermi

Foto: Finnmarksykehuset

– Retningslinjer som ikkje er gitt ut av Helsedirektoratet, er ikkje bindande for helsepersonell. Alvorleg nedkjøling er ofte ein del av alvorlege skadar.

Etter Karihola-hendinga i Kristiansund såg vi at det mangla nasjonale retningslinjer for behandling av alvorleg nedkjølte, og tok initiativ til å samle ei ekspertgruppe. Likevel har det enno ikkje kome slike retningslinjer på plass, seier Wisborg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL