Hopp til innhold

Helsetilsynet granskar om helsevesenet har tatt lærdom etter at niåringar omkom

Helsetilsynet undersøkjer no om Helse Møre og Romsdal har lært noko etter at to ni år gamle jenter omkom i Kristiansund i mars 2010. Dei to jentene blei truleg tatt av bølgene og døydde etter å ha blitt sendt til feil sjukehus.

Redningsaksjon ved Karihola

Helsetilsynet granskar no om helseføretaket har lært noko av ulykka i Kristiansund for åtte år sidan, der to jenter omkom.

Foto: Bjørn Ove Angvik

I mars rykte Helsetilsynet igjen ut til ei nedkjølingsulykka i Møre og Romsdal, denne gongen i Molde, der ein mann blei funnen sterkt nedkjølt i Molde sentrum, og sendt til sjukehus.

No vil Helsetilsynet sjå om helseføretaket har lært noko av dødsulykka den gongen. Difor granskar dei saka med den nedkjølte 50-åringen.

Avdelingsdirektør Brynhild Braut

Avdelingsdirektør Brynhild Braut i Statens helsetilsyn seier dei raskt bestemte seg for å reise til Molde sjukehus for å granske saka der.

Foto: Statens helsetilsyn

Då den aktuelle hendinga blei varsla, fann Statens helsetilsyn det nødvendig å undersøkje korleis føretaket faktisk har brukt erfaringane frå "Karihola-ulykka" til læring, skriv avdelingsdirektør Brynhild Braut i ein e-post til NRK Møre og Romsdal.

Ifølgje Tidens Krav blei mannen funnen medvitslaus i ei snøfonn to dagar før Statens helsetilsyn blei varsla.

Fekk kritikk

I etterkant av ulykka der dei to jentene omkom, fekk helseføretaket kritikk for å ikkje ha gode nok rutinar for oppvarming av alvorleg nedkjølte pasientar. Rapporten frå helsetilsynet året etter ulykka viste at det var fleire alvorlege manglar ved behandlinga av nedkjølte barn i heile Noreg. Helseføretaket lovde å setje inn fleire tiltak for å bli betre, og no vil helsetilsynet sjå til at det faktisk har blitt betre.

Tente lys for jentene som gikk på Dalabrekka skole i Kristiansund

På skulen der jentene gjekk blei det tent lys for dei, då det blei klart at begge to omkom.

Foto: Anne-Mari Flatset

NRK Møre og Romsdal har tidlegare laga dokumentar om ulykka i Kristiansund, der to jenter omkom. Sjå heile dokumentaren her.

NRK TV - Brennpunkt

Ventar på rapport

Norske legar og helsepersonell er pålagt å varsle Statens helsetilsyn omgåande dersom det skjer uventa dødsfall eller store skadar under behandling. Då helsetilsynet fekk beskjed om den nedkjølte moldemannen bestemte dei seg raskt for å reise til sjukehuset i Molde på tilsyn. Rapporten etter tilsynet er venta i løpet av våren.
Vi arbeider no med å samanfatte dei opplysningane vi har fått, og vurderer om verksemda har sikra forsvarleg behandling av sterkt nedkjølte pasientar. Vi reknar med at den førebels rapporten er klar før sommaren, skriv Braut i e-posten til NRK Møre og Romsdal.

Politi- og letemannskap i Kristiansund

Store styrkar leitte etter jentene som seinare blei funne omkomne. Dei hadde truleg leika på berga, og blitt tatt av bølgene.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kommunikasjonsdirektør Trine Kvalheim i Helse Møre og Romsdal seier dei sjølve varsla om hendinga og samarbeider med helsetilsynet, men at dei førebels ikkje kan kommentere saka nærare.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL