Hopp til innhold

Kutta løna for å berge Ekornes - men vil ikkje rå verfta til det same

Fleire hundre tilsette frå golvet og heilt til topps gjekk kollektivt ned i løn for å berge Ekornes frå konkurs i 1990. Men fagforeiningsleiarane vil ikkje rå andre til det same.

Kristin Aurdal

Kristin Aurdal var hovudtillitsvald ved Ekornes for 25 år sidan. Med tungt hjarte ba ho dei tilsette røyste over om dei kunne gå ned i løn for å hjelpe bedrifta.

Foto: Janita Sperre Ulvestad

Den tradisjonsrike bedrifta Ekornes i Sykkylven sto på kanten av stupet i 1990, då dei tilsette foreslo noko heilt nytt: å frivillig gå ned i løn.

Signalet ut til kreditorar og store låneinstitusjonar var betydeleg, seier historikar og forfattar Eldar Høidal.

Les også:

Fleire diskuterer å gå ned i løn

Eldar Høidal

Eldar Høidal har skrive bok om Ekornes, og omtalar den historiske avtalen om lønsreduksjon, som dei tilsette skreiv under i 1990. Administrerande direktør Jens Petter Ekornes meinte avtalen redda Ekornes frå konkurs.

Foto: Privat

Frivillig lønsreduksjon er igjen tema, denne gongen i offshorenæringa.

Dei tilsette ved reiarlaget Olympic i Herøy sa førre veke ja til å gå ned i løn mellombels, i Havila Shipping sa dei nei.

Heile tysdag gjekk med til møte for å berge situasjonen i Havila, og onsdag formiddag møtes styret igjen. Fleire analytikarar trur konkurs kan bli resultatet.

Overraska over nei til lønsreduksjon

Eldar Høidal strekar under at han ikkje kjenner bedriftskulturen hos sunnmørsreiarlaga godt, men seier han blei litt overraska over at dei tilsette i Havila sa nei til å gå ned i løn.

– Ja, eg var nok litt overraska med den kjennskapen som eg har til sunnmørsindustrien og det tette samhaldet det har vore dei siste tiåra, seier han, og viser til at tilsette og leiinga tradisjonelt har stått saman.

Kontroversielt forslag

I Sykkylven var Kristin Aurdal hovudtillitsvalt for Norsk Treindustriarbeiderforbund i 1990, og ein av dei som skreiv under på avtalen om lønsreduksjon. Ho huskar ikkje kven som først foreslo det, men trur det kom frå dei tilsette.

– Eg syns det var veldig vanskeleg, men vi kom til at vi måtte ta ei avrøysting, og det blei solid flerittal, seier Aurdal.

– Var det kontroversielt?

– Ja, det var det. Vi hadde mange og lange diskusjonar om det, minnest ho. Ho seier ho kjenner situasjonen i Herøy for dårleg til å gje råd om kva dei bør gjere.

Ole Jan Korsnes

Ole Jan Korsnes, som tidlegare var hovudtillitsvald for NITO ved Ekornes, meiner lønsreduksjonen var ein suksess.

Foto: privat

Ole Jan Korsnes i NITO (Norges ingeniør og teknologorganisasjon) seier lønsreduksjon aldri hadde vore prøvd før då dei tilsette i Ekornes sa ja.

- Det vart ein sukess for oss, det hadde ein umiddelbar effekt, og fleire underleverandørar opna opp igjen og gav oss varer som før, då dei høyrde om dette, seier han. Heller ikkje han tør råde dei som no er i hardt ver.

Meinte det var avgjerande

I boka «Fra springfjær til Stressless» av Eldar Høidal uttalar den legendariske direktøren, Jens Petter Ekornes, at handlinga var tunga på vektskåla for långjevarane:

«Hadde ikkje dei tilsette kome med dette lønskuttet, hadde vi gått konkurs ... dei såg dugnadsviljen blant dei tilsette og vi fekk til ein god avtale om å drive vidare».

Oppmodar partane til å sikre god dialog

Høidal seier samarbeid og tillit er heilt avgjerande for resultatet når ei næring møter utfordringar.

– Eg trur nok arbeidstakarane vil bidra mykje dersom dei kjenner at dei får noko igjen. Erfaringa frå møbelindustrien er at når det er god dialog og stor tillit mellom partane, er det lettare å få til tiltak som kan løfte bedrifta over ei kneik, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL