Hopp til innhold

Her sit Havila-sjefane: 800 sjøfolk ventar på svar

Havila Shipping har ikkje blitt samde med kreditorane om ei endeleg løysing og stoppar betaling av renter og avdrag på lån. – Konkurs eit reelt alternativ, seier analytikar.

Havila forhandler her

FORHANDLINGAR: Her i Swedbanks lokale er Havila-leiinga samla tysdag.

Foto: Frode Berg/NRK

Havila Venus er bygt ved Havyard Leirvik

SHIPPINGFLÅTE: Havila Venus er eit av 28 offshore servicefartøy selskapet disponerer.

Foto: Havyard Group

Havila Shipping hadde frist til midnatt med å få på plass ei løysing. Selskapet er det første store shippingselskapet som står i fare for å gå konkurs.

Havila Shipping startar med ein gong eit arbeide med sine finansielle kreditorar for å kome fram til det dei kallar ein «standstill-avtale».

– Det går ut på at vi i ei periode, mens vi finn ut kva som skal skje, ikkje betaler renter og avdrag. Eit av obligasjonslåna stemte ned den løysinga som låg på bordet, og avtalen vi hadde med bankane gjeld ikkje lenger, seier administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, til NRK.

Møter obligasjonseigarane

Njål Sævik, Havila Shipping as

Administrerande direktør Njål Sævik arbeider for vidare drift i Havila Shipping.

Foto: FRODE BERG / NRK

Banklångivarane har ifølge Havila Shipping signalisert støtte til ein slik avtale. No er det planlagt å kalle inn til eit møte for obligasjonseigarane innan kort tid.

– Det er mange obligasjonseigarane i Havila Shipping sin obligasjon, og nå vil leiinga i selskapet diskutere korleis vi skal handtere dette, fortel Sævik.

Havila Shipping skriv i si presse- og børsmelding at dei har håp om å lykkast i diskusjonane med långivarane. Selskapet har difor fullt fokus på å vidareføre ordinær drift.

Det inneber at servicen til alle kundar blir halde oppe og alle leverandørar kjem til å få betale.

– Konkurs eit reelt alternativ

Selskapet hadde håpa at minimum to tredjedelar av obligasjonslåna sa ja til ein justert restruktureringsplan, men nattas forhandlingar førte ikkje fram.

Havila har hatt bankane si støtte, men over 1/3 av dei 130 obligasjonseigarane i lånet Havio8 på 500 millionar kroner stemte nei til den nye planen.

– No er konkurs eit reelt alternativ i Havila, seier kredittanalytikar Ola Beinnes Fosse i DNB Markets til maritime.no.

Fosse understrekar at Havila ikkje er teknisk konkurs enda.

– Det er viktig å få fram at dei hadde rundt 300 millionar kroner i kontantar etter tredje kvartal i fjor. Dei har framleis pengar til å drifte selskapet vidare, og når dei no får rente- og avdragsfridom får dei tid til å finne ei ny løysing, seier han til nettstaden.

Kraftig ned på Oslo Børs

Nyheita om at selskapet ikkje fekk støtte frå mange nok obligasjonseigarar sende Havila kraftig ned på Oslo Børs.

Havila Shipping hadde inngått ein såkalla master agreement-avtale med bankane, men avtalen var knytt til støtte frå minimum to tredelar av dei usikra obligasjonseigarane for å kunne bli sett ut i livet. Dette vilkåret blei ikkje innfridd. På Oslo Børs sokk Havila-aksjen med over 17 prosent like etter opninga.