Hopp til innhold

Fjord1-sjefen overraska, men ikkje uroleg for sal

For andre gang på to år kan Noregs største ferjeselskap få nye eigarar. Havila Holding og Vision Ridge Partners opnar for å selje Fjord1 allereie til hausten.

Dagfinn Neteland

OVERRASKA: Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, seier salet av Fjord1 har lege i korta.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Knapt to år har gått sidan Havila Holding og det amerikanske fondet Vision Ridge Partners gjekk inn som nye eigarar av Fjord1.

Men no skal selskapet nok ein gong ut på marknaden, skriv Finansavisen.

Dei amerikanske eigarane har bede om ei verdivurdering av Fjord1. Samstundes er investeringsbanken Rothschild & Co. hyra inn for å marknadsføre Fjord1 overfor potensielle kjøparar.

Sunnmørsreiar Per Sævik i Havila Holding seier til Vestlandsnytt at det kan det bli sal allereie i år. Det stadfestar han også til NRK.

Det vi gjer no er at vi er ute og sonderer marknaden for å sjå om nokon vil kjøpe selskapet på det nivået som tilretteleggarane har indikert at selskapet er verd.

Du er ikkje framand for at det blir sal om prisen er den rette?

Dei amerikanske partnarane som eig halvparten av selskapet er interesserte i å selje om prisen er rett. I denne samanhengen må vi berre henge på. For verdiane er alt for høge til at vi kan løyse ut amerikanarane.

Sævik vil ikkje utdjupe kor store verdiar det er snakk om.

Fjord1 er Noregs største ferjeselskap og har kring 80 ferjer i drift. I tillegg har dei passasjerbåtar og nokre innleigde snøggbåtar. Selskapet har 1145 tilsette.

– Overraskande

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1 seier nyheita kom overraskande på.

– Men det er ikkje noko dramatikk i dette. I vår bransje kjem og går eigarar, og det har også lege i korta hos Fjord1. Men det kom litt raskare enn vi hadde trudd, seier Neteland.

Han trur salet vil skje allereie til hausten.

Les også Sævik kjøper Fjord1: – Dette har vi jobba lenge for

Per Sævik

Direktøren er ikkje uroa for at salet vil føre til nokre store endringar. Korkje for hovudkontoret i Florø eller for dei tilsette.

– Eg trur ikkje vi har noko å frykte her. Vi er det leiande ferjeselskapet i Noreg og eg trur dei nye eigarane vil vere audmjuke for dette.

Tre av dei fire ferjeselskapa i Noreg i dag er eigde av utanlandske storinvestorfond. Neteland trur Fjord1 også kan hamne fullt og heilt på utanlandske hender.

– Ferjenæringa har blitt attraktiv på grunn av miljøfokuset, forklarar han.

Tillitsvalt: Tek nyheita med ro

Dei tilsette i Fjord1 tek nyheita med ro, seier Egil Kirkebø, som er tillitsvalt i Negotia, den største klubben på land.

– At eigarane våre vel å selje oss, kan vi ikkje kontrollere. Det er ikkje først gong det skjer, og vi er her enno.

Tidlegare tillitsvalt Daniel Nedrelid har følgt reisa frå då Fylkesbaatane eksisterte og reisa fram til dagens Fjord1.

Heller ikkje han er uroleg.

Ferje

Fjord1 har 1145 tilsette og fraktar årleg 16 millionar passasjerar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg ser på det som ei naturleg utvikling i selskap der det er kjøp og sal.

At den lokale forankringa på eigarsida kan forsvinne, er han ikkje bekymra for.

Han viser til at fleire selskap har utanlandske eigarar, mellom anna Norled som er eigd av eit kinesiske selskap.

– Og det verkar til å gå bra. Eg trur difor ikkje utanlandske eigarar vil ha noko innverknad på dei tilsette. Nye eigarar må uansett drifte på norske vilkår, seier Nedrelid.

Fjord1 har ei årleg omsetning på 3 milliardar kroner. I 2021 sat selskapet att med eit overskot før skatt på nær 140 millionar kroner.

Per Sævik

Sunnmørsreiaren Per Sævik i Havila Holding gjekk inn på eigarsida i Fjord1 ilag med amerikanske Vision Ridge i 2021. No vurderer dei å selje ferjeselskapet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ifølge Finansavisen har Fjord1 ein antatt brutto selskapsverdi kring 8–10 milliardar. Men konsernet hadde ei gjeld på 7,7 milliardar kroner ved utgangen av 2021.

Havila Kystrute fekk ein kraftig minus i fjor og enda med eit resultat før skatt på minus 570 millionar kroner. Året før tapte dei 78 millionar.