– Det ser ut som fleire og fleire nyttar metalldetektorar til skattejakt i naturen. Dei siste to åra har vi opplevd at det har blitt grave stadig oftare i område med freda kulturminne, seier Arve Nytun, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I sommar vart to personar med metalldetektorar observerte ved det freda kulturminnet «Klosterhaugen» på Herøy gard på Sunnmøre.
Dei skal ha laga fleire hol i bakken i jakt på å finne skjulte skattar.
– Dette er klart i strid med regelverket. Slikt er ulovleg og straffbart, meiner Arve Nytun.
Kan få fengselsstraff
Derfor har fylkeskommunen no meldt lovbrota til politiet.
Kulturminnet på Herøy gard er ei hustuft, truleg frå mellomalderen, og har nyleg blitt skilta gjennom eit samarbeid, med fylkeskommunen og lokale aktørar.
– Det tyder på at lovbrotet var målretta, seier Nytun.
Og akkurat denne episoden kan vere berre ei av mange.
I fjor sommar vart det påvist over 100 spadehol i det freda området på Veøya i Romsdal. Ifølgje fylkeskommunen er denne saka framleis under etterforsking.
Skulle nokon av desse sakene ende med dom blir det i tilfelle ikkje første gong nokon blir dømde for brot på kulturminnelova.
Ein mann frå Vestfold fekk vilkårslaus fengselsstraff fordi han ikkje melde frå om kulturminne han fann då han søkte med metalldetektor.
– Liknar på tjuvjakt
Erik Rønning Johansen, leiar i Norges metallsøkerforening, vil på si side ikkje påstå at det er noko veldig stort problem med ulovleg skattejakt i kulturminne. Han vedgår likevel at utfordringa er reell nok.
– Du kan til dømes samanlikne det med jakt. Det er alltids nokon som vil drive med tjuvjakt, seier Rønning Johansen.
Men Norges metallsøkerforening med sine 580 medlemmer driv sjølvsagt lovleg.
– Myndigheitene får beskjed om vi ser nokon som søker stader dei ikkje skal søke, seier foreiningsleiaren.
Ifølgje Erik Rønning Johansen er det vanskeleg å seie noko generelt om kva dei som driv ulovleg skattejakt leitar etter, men sannsynlegvis er det myntar. Slikt er lett omsetjeleg på nettet.
– Men om først nokon finn ulovleg varer og prøver å omsetje dei på nettet, så vil folk oppdage det og seie frå, seier Rønning Johansen.
Vil kurse skattejegerane
I Norge er alle kulturminne frå før 1537 (reformasjonen) og ståande bygg frå før 1650 automatisk freda ifølgje kulturminnelova. Det same gjeld tillegg samiske kulturminne og skipsfunn eldre enn 100 år.
For å få bukt med problemet med den ulovlege skattejakta planlegg Møre og Romsdal fylkeskommune å kurse metalldetektormiljøa.
– Vi vil utvikle kurs og arenaar for å dele erfaringar. På den måten kan dei som har denne interessa få kunnskap om reglar og retningslinjer ved slike søk, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.