Hopp til innhold

Falleferdig fyr selt for meir enn det dobbelte av prisforslaget

Kystverket ville rive det nedslitne fyret Skalmen på Nordmøre. Siste utveg var å legge det ut for sal. Etter ein intens bodkrig fekk fyret i dag ny eigar.

På ein holme ute i havet, heilt nord på Vestlandet, står ein falleferdig fyrstasjon.

For å kome fram frå næraste by og flyplass tar det to timar og to ferjer før ein sju kilometer lang båttur ventar. Og mellom mai og ut juli får ein ikkje setje sin fot på øya, på grunn av freda fuglar.

Likevel blei Skalmen fyr, øya det står på og alt som høyrer med, nyleg lagt ut for sal. Med ein prislapp på 490.000 kroner.

No har fyret fått ny eigar. Og det til heile 1.200.000 kroner. Det er trass i at seljaren ikkje akkurat la skjul på tilstanden til fyret.

– Dårleg. Utvendig, dårleg. Innvendig, dårleg, sa Sven Martin Tønnesen i Kystverket då det var lagt ut for sal.

Skalmen fyr utanfor Smøla.

Med på kjøpet følgjer nesten 40 mål med holme, fyr med bustad, maskinhus og kai med naust. Det er over 200 kvadratmeter med bruksareal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kjøpt av investor

Etter ein intensiv bodkrig, blei Skalmen selt til Andreas Bjarøy frå Tønsberg, medeigar i Bjarøy-gruppen. Dei er eit selskap som spesialiserer seg i kjøp og sal av konkursbu.

Han har kjøpt det saman med kona Mona Kruse Bjarøy, som har slekta si på Brattværet. Eit fråflytta fiskevêr som ligg mellom Skalmen og hovudøya Smøla.

– Vi har vore mykje på ferie der oppgjennom, er glade i området og har fiska mykje rundt Skalmen. Då blei dette veldig interessant for oss.

– Kvifor blei de så interesserte i eit gammalt falleferdig fyr?

– Vi driv mykje med eigedom i jobben vår og likar prosjekt. Det er ikkje kvar dag du får kjøpt eit fyr, seier Bjarøy, og held fram:

– Vi tenkte det var ei kul greie å få sett det i stand, så det blir så bra som det bør vere. Også får vi vore meir i området med ein eigen stad, seier han.

Andreas Bjarøy fra Bjarøy Gruppen.

Andreas Bjarøy synest eigedommen var heilt rå, og enda med å by høgast i bodrunden.

Foto: Philip Hofgaard

Kva er planane dykkar?

– Det er å strekke det opp 100 prosent med bygningsmassen som er der. Vi må ta ein dialog med kommunen og andre, men målet er at dette skal bli tipp topp stand. Det er ikkje gratis, det er heilt sikkert.

På spørsmål om det kan vere aktuelt å gjere fyret tilgjengeleg for ålmenta, er det noko dei skal vurdere når dei får litt tid på seg.

Kystverket er nøgd

Eigaren Kystverket hadde sett nokre forventingar til bodgjevarane, og er tilfreds med utfallet.

– Vi er veldig nøgd. Vi har oppnådd ein fornuftig pris på eit kjøp der kjøparen har noko lokal tilhøyrsle, og har ei fornuftig og god plan for fyret, seier Sven Martin Tønnesen, direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket.

Sven Martin Tønnessen

Sven Martin Tønnessen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det var opp mot fem som bydde på eigedommen, og to bydarar som var med mot slutten.

– Det er ikkje tvil om at kjøparen har plan for å bevare fyret, og det er det som er viktig for oss, seier Tønnessen.

Er du overraska?

– Ikkje når det blei som det blei, men eg var meir overraska over at det blei ei mediesak i det heile tatt.

Skulle bli rive

Skalmen fyr er eitt av dei meir utilgjengelege blant dei norske fyra, der det ligg aller lengst ute i skjergarden i Smøla kommune.

Det blei bygd i 1907, og den første fyrvaktaren var førstestyrmann Anton Lund, som var med på ekspedisjon saman med sjølvaste Roald Amundsen. Det ryktast at fotsporet til hunden hans skal å sjå ute på holmen.

Befaring på Skalmen fyr

Skalmen fyr blei avbemanna i 2002 og lagt heilt ned i 2008.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

No har ikkje stasjonen vore bemanna på over 20 år, og den har sidan forfalle. Kystverket hadde eigentleg bestemt seg for å rive det. Etter engasjement frå blant anna Skalmens venner blei det avgjort at dei ville legge det ut for sal først.

Skalmen er digitalisert av Kystverket, og ein kan utforske det på sidene deira.

Bjørnøy fyr i Bodø selt for 5 millionar over takst Miljødirektoratet solgte øy for 5 millioner over takst – det er det flere som reagerer på

Bjørnøy Fyr

Viktig kystkulturminne

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner fyrstasjonen er eit viktig regionalt kystkulturminne som bør bli tatt vare på, og som er oppført i verneplanen deira.

– Fyrstasjonen blei bygd rett etter 1900 i den hektiske fyrbyggingstida vi hadde i Noreg på starten av 1900-talet. Det kom etter den tragiske ulykka som skjedde utanfor Titran sør på Frøya i 1899, då 142 fiskarar omkom, seier fylkeskonservator Hilde Arna Tokle Yri.

Skalmen er eitt av dei fyra som ligg nærast der Titran-ulykka skjedde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL