Hopp til innhold

No kan vikingarven få verdsarvstatus

Riksantikvaren kartlegg om skipsgravhaugar frå vikingtida skal få plass på Noregs «venteliste» for verdsarv.

Gokstadhaugen i Vestfold. Skipsgravhaugen ruver i landskapet.

Skipsgravhaugar frå vikingtida, som Gokstadhaugen i Vestfold, kan få status som verdsarv.

Foto: Avre Kjersheim / Riksantikvaren

– Det var jubel her frå før. No blir det dobbelt med feiring, seier Eli Førde Aarskog, leiar for vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid.

I april skal dei sjøsette replikaen av Myklebustskipet for første gong på nesten fire år.

Myklebustskipet

Replikaen av Myklebustskipet sist det var sett på sjøen i Nordfjordeid, Vestland.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

No er det også klart at skipsgravhaugar frå vikingtida, som på Myklebust, kan få status som verdsarv.

– Dette er stort, og om dette går vegen så vil funna på Myklebust vere i same liga som pyramidane i Egypt og Akropolis i Hellas, seier ordførar i Stad, Sigurd Reksnes (Sp).

Det er Klima- og miljødepartementet som har gjeve Riksantikvaren oppdraget om å kartlegge vikingtidas kulturminne.

Sju stader skal gravhaugar frå vikingtida bli kartlagt.

Les også Arkeologar fekk vikingfunn levert på «sølvfat»

Vikingfunn på fat

Strenge reglar

Arbeidet med å kartlegge skipsgravhaugar er allereie i gong.

– Mange tenker nok først og fremst på vikingskipa, men vikingarven er mykje meir enn det. Vi har systematisk gått gjennom vikingtidas kulturminne i Noreg og vurderar at skipsgravhaugane er heilt unike i verda, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Bør skipsgravhaugar frå vikingtida få verdsarvstatus?

Det blir stadig gjort funn av gjenstandar frå vikingtida i Noreg. Seinast i september 2023 blei det gjort funn av sølvarmband på Steigen i Nordland.

Les også Håvard snubla over sølvskatt frå vikingtida: – Trudde det var takrennekrokar

Håvard Børvik fann tre tunge sorte sølarmband i bakken. Angivelig fra vikingtidene.

Men slike gjenstandar er ikkje aktuelle for verdsarvlista.

– I verdsarvsamanheng er det strenge kriterium, og det er berre aktuelt med kulturmiljø og gjenstandar som framleis er på funnstaden. Derfor er det skipsgravhaugane som er valt ut som tema for kartlegginga, seier Geiran.

Osebergskipet på Bygdøy

Vikingskip som er på museum, slik som Osebergskipet på Bygdøy, kan ikkje bli nominert som verdsarv, ifølge Riksantikvaren.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Håpar å gjere som danskane

Etter kartlegginga av skipsgravhaugane i Noreg er det regjeringa som avgjer om dei skal kome på Noregs tentative liste for verdsarvstatus.

Frå før er det berre åtte stader i Noreg som er i selskap med pyramidane i Egypt på Unesco si verdsarvliste.

Bryggen i Bergen med turister

Bryggen i Bergen er ein av få stader som har fått verdsarvstatus i Noreg.

Foto: Brian Witte

Vegen mot å komme på denne lista er lang.

Noreg har i samarbeid med fleire andre land tidlegare forsøkt å nominere vikingarv til Unesco, men forslaget falt i 2015.

I etterkant har fleire av dei andre landa gått vidare med sine eigne stader, og danskane lukkast i fjor då Unesco sette fem ringfort frå vikingtida på verdsarvlista.

Les også Så vanskeleg er det å miste verdsarvstatusen

Geiranger

Rikantikvaren har likevel tru på at skipsgravhaugane kan nå opp.

– Haugane er symbol på dåtidas rikdom og makt, tru og samfunn, og dei viser oss kva vikingtidas menneske førestilte seg var viktig rundt livet etter døden, seier Geiran.

Osebergskipet slik det så ut da det ble funnet. Det var veldig knust men alle delene var der. Fra de arkeologiske utgravningene fra vikingtiden Oseberg skipsgravhaug ved Tønsberg i 1904.

Slik såg det ut då Osebergskipet blei funnen ved Tønsberg i 1904. Det var veldig knust, men alle delane var der, ifølge Kulturhistorisk museum.

Foto: Olav Væring / Kulturhistorisk museum, UiO