Hopp til innhold

Dette kan redde den utryddingstruga fuglen

Fuglen vipa er raudlista og kritisk truga, men det finst likevel eit håp.

Torstein Helmen og Anne Stenbråten, Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter og fire vipeegg

TRUGA: Bonden Thorstein Helmen har god oversikt over kor den utryddingstruga fuglen hekkar på åkeren hans. Desse områda har han verna, i håp om at bestanden skal auke.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Sjå her, her er det vipeegg, seier Thorstein Helmen.

Han er bonde og på åkeren hans i Gran på Hadeland trivst den svært truga fuglen vipa.

Tidlegare var vipa ein vanleg fugl i jordbrukslandskapet over store delar av landet.

Men sidan 1900-talet har det blitt færre og færre av den.

No er det så få at den har fått status som kritisk truga.

Årsak: Effektivisering av landbruket

– Det har vore ein alvorleg nedgang på 80 prosent dei siste 20–30 åra.

Det seier Anne Stenbråten, ornitolog ved Dokkadeltaet nasjonale våtmarkssenter.

Torstein Helmen og Anne Stenbråten, Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter

Ornitolog Anne Stenbråten seier innsatsen som bonden Thorstein Helmen gjer, er viktig.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Vipa hekkar i åkeren midt i våronna. Ornitologen er sikker på kvifor bestanden har vorte så låg.

– For vipa er det fortrinnsvis effektivisering av landbruket, tap av restareal og tap av fuktig mark som er hovudårsak til nedgangen.

Og køyrer du raskt over jordet med traktor, då er det vanskeleg å få auge på vipa og reira hennar.

Vanskelege å få auge på

Bonden på Hadeland seier at det er særleg ein ting han ser etter før han køyrer med traktoren ut på åkeren.

– Eg har lært meg at når eg skal til på jordet, så må eg sjå etter ein svart flekk. Når du køyrer på jordet og du er nær eit reir, vil vipa fly rett opp, seier Helmen.

Men går det fort med traktoren, ryk reiret.

Vipe

Vipa kan vere vanskeleg å sjå på åkeren.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

To stader på åkeren har han funne vipereir og egg så langt i år.

Desse områda «vernar» han. Han set opp tydelege markørar, i år vart det ein større stein og ei sag, for å ikkje køyre på reira.

– Det er vel det at eg har blitt eldre og har litt meir tolmod, seier bonden.

Gode resultat

I fjor la 25 gardbrukarar i Innlandet til rette for fuglar på jordbruksareal, etter eit initiativ frå Statsforvaltaren.

Det var særleg tiltak retta mot vipa bøndene skulle gjere, men også mot andre raudlista artar som songlerke, åkerrikse og storspove.

Vipeegg

Fleire bønder i Innlandet la til rette for vipa på sine eigedommar i fjor. Resultatet var mellom anna at 14 bønder opplevde hekking på sin eigedom.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Bøndene får tilskot for å legge til rette for utryddingstruga fuglar.

Resultatet etter bøndenes innsats i fjor, viste at minst 14 bønder opplevde hekking på sin eigedom, med minst 30 reir.

Ein eigedom hadde heile ti vipereir som vart merka og tatt omsyn til ved køyring på jorde, ifølgje Statsforvaltaren i Innlandet.

Kjem tilbake

Om vipa skal overleve som art, er den heilt avhengig av bøndenes innsats.

– Om vipa har lykkast i hekkinga, vil den kome tilbake, seier Stenbråten

– Dei tiltaka som Thorstein har gjort her, vil sikkert bidra til at ho kjem tilbake.

Sjølv synest bonden på Hadeland at han har sett ei auke i talet på viper på garden sin.

Torstein Helmen og Anne Stenbråten, Dokkadeltaet Nasjonale Våtmarkssenter

Bondens innsats er avgjerande for at vipa skal overleve, meiner ornitolog Anne Stenbråten.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Ornitologen omtalar Helmen som eit skuleeksempel.

– Det varmar godt om hjartet å sjå at han tek slik omsyn, seier ho.

Flere saker fra Innlandet

Ulykke ved riksvei 4

Én bekreftet omkommet etter trafikkulykke på riksvei 4

Folk løper for å komme seg unna regnet i Vågå.

Varsler mye regn og flomfare: Vannføringen vil øke raskt