Hopp til innhold

Millionavslag for stavkyrkja – prosjektet kan stå i fare

Setesdal stavkyrkje og Norsk handverksinstitutt har fått nei på søknaden om 75 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB.

Modell Setesdal stavkirke

SLIK SKAL DEN SJÅ UT: Det ser litt mørkare ut for å realisere stavkyrkja i Setesdal etter det blei nei på søknaden om 75 millionar kroner.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

– Sjølvsagt er det ein fare for at det ikkje blir realisert slik vi hadde tenkt. Men vi har veldig sterk tru på prosjektet, og lèt oss ikkje slå til jorda av dette.

Det seier Eivind Falk, instituttleiar ved Norsk Handverksinstitutt.

Dei har i samarbeid med Stiftinga Setesdal stavkyrkje søkt om 75 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB for å realisere den nye stavkyrkja i Rysstad, Valle.

Førre veke kom det nedslåande svaret. Styret i Sparebankstiftelsen sa nei.

  • For kort tid sidan blei modellen, som viser korleis stavkyrkja i Setesdal skal sjå ut, ferdig. Her kan du lese meir om ho:

Les også Slik skal stavkyrkja sjå ut når ho er ferdig

Modell Setesdal stavkirke

Skuffa

– Dette avslaget endrar ikkje arbeidet vårt mot å realisere bygginga av Setesdal stavkyrkje, seier prosjektleiar Sandra Birkenes.

Ho forklarer at pengane dei har fått avslag på først og fremst var øyremerkte til utdanning og forsking i prosjektet.

– Vi har heile tida sagt at vi lokalt skal gå inn med 40 millionar kroner for å realisere bygginga. Så sjølv om forskinga er ein viktig del av prosjektet, så er også dette noko som kan justerast på.

Sandra Birkenes

Sandra Birkenes gir ikkje opp draumen om å realisere ei ny stavkyrkje på Rysstad i Valle.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Blir bygd på gamlemåten

Etter planen trengst det 140 millionar kroner for å realisere prosjektet.

Med desse pengane skulle stavkyrkja byggast på gamlemåten.

Ein måte som ifølgje Handverksinstituttet aldri har blitt gjort før. At ein frå start til slutt byggjer slik ein ville gjort det for 800 år sidan.

Traktor blir til dømes erstatta med hest. Og elektrisk sag blir erstatta med øks.

Les også Sandra (35) har fått eit oppdrag som ingen har gjort på 1000 år

Sandra Birkenes, Prosjektleder stiftelsen Setesdal stavkyrkje

Alt skulle forskast på, og kunnskapen om mellomalderbygg skulle formidlast vidare til nye generasjonar med handverkarar.

Så mange som 1000 unge handverkarar var tenkte å bli involverte i prosjektet.

Borgund stavkirke er en stavkirke på Borgund i Lærdal kommune, Indre Sogn. Borgund regnes som den best bevarte av de norske stavkirkene.

Den nye stavkyrkja er tenkt å bli bygd som Borgund stavkyrkje i Lærdal i Vestland.

Foto: Fortidsminneforeningen

Handverksinstituttet er klar på at dette er eit prosjekt Noreg treng.

– Noreg har 28 stavkyrkjer i dag, og er ein del av bygningsarven i Noreg. Vi treng meir kunnskap om mellomalderkyrkjene våre for å kunne forvalte stavkyrkjene våre på best mogleg måte framover, seier Falk.

Eivind Falk

Eivind Falk frå Handverksinstituttet har framleis trua på stavkyrkjeprosjektet i Setesdal.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

13 øvste meterane i boks

No som pengane førebels uteblir må det tenkast nytt.

Handverksinstituttet skal no gå i dialog med andre samarbeidspartnarar for å få realisert prosjektet.

Men Falk presiserer at dei øvste 13 meterane av kyrkja allereie er finansierte.

– Vi er i full gang med å bygge takryttaren til stavkyrkja, så vi arbeider jo uansett vidare med prosjektet.

Sandra Birkenes seier også at dei lokale kreftene jobbar vidare for realisering, og seier overbevisande til NRK;

– Stavkyrkje på Rysstad skal det bli!

Takrytteren på nye Setesdal stavkirke

Takrytteren slik han ser ut på modellen som nyleg vart ferdig.

Foto: Mairi Macdonald / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %