Kroatiske Tomislav Debeljak var sett på som redningsmann da hans DIV Group i 2020 tok over Kleven verft på Sunnmøre.
Men kort tid etter blei verftet slått konkurs.
No er han saksøkt, og på tredje dag av rettssaka i Bergen kom det fram at nibarnsfaren slit økonomisk.
– Tomislav Debeljak har ein svært krevjande økonomi og familiesituasjon. Han kan måtte gå frå gard og grunn om han blir dømd til å betale over 100 millionar kroner, sa hans advokat Karl Rosén.
Advokatane til Debeljak synte dokument som skulle vise at han i fjor tente minsteløn i Kroatia, på under 120.000 kroner.
– Den største privatiseringa i Europa
Grunnen til at Debeljak sleit økonomisk, skulle vere at storkonsernet hans DIV Group var sett under konkursvern, blant anna som følgje sanksjonane mot Russland.
DIV Group blei starta av faren til Debeljak heime i garasjen. I dag har dei rundt 4000 tilsette, i meir enn 55 selskap i 30 land.
Tomislav Debeljak fortalde i retten at konsernet i 2013 tok over storverftet Brodosplit, i det han omtalte som den største privatiseringa i Europa.
Nøkkelen til at verftet snart gjekk med overskot, var ifølge eigaren at dei var særs gode på kostnadskontroll. Dei skulle ha 25–30 tilsette som dreiv med dette.
– Me er best i verda på ein viss type logistikk, som heile verda nå kopierer, sa Debeljak.
Det var ein slik kostnadskontroll dei forsøkte å innføre på Kleven, ifølge han.
Dyrt dopapir
– På Kleven kjøpte dei inn (do-)papir som var tre gonger dyrare enn prisen i butikk, sa Debeljak.
Han hevda i retten at dei fort innsåg at kostnadene i Kleven var altfor store, og at logistikken heller ikkje var heilt under kontroll. Eit byggeprosjekt var blant anna forseinka med 1,5 år, ifølge kroaten.
Han refererte til ei frase i bransjen:
– Kvar ein tosk kan bygge skip, men ikkje alle klarer å levere på tid, pris og kvalitet.
Debeljak fortalde også at han ville kutte ned på bruken av elektrikarar som fekk 500 kroner i timen.
– 80 prosent av jobben dei gjorde var trekking av kablar, som alle våre tilsette kunne gjort til 200 kroner timen. Me hadde samtidig over 300 tilsette på Kleven som ikkje hadde spesifikke oppgåver. Dette er typisk for selskap som ikkje tenker nok på kostnadar, sa Debeljak.
– Dårlege på økonomi
Advokatane hans følgde opp:
– Me har snakka mykje om kva Kleven verft var flinke til, nemleg å bygge skip. Men me har ikkje snakka så mykje om kva Kleven var dårlege på: Økonomi, sa Debeljaks advokat Karl Rosén.
Han minte også om at Kleven verft med oppkjøpet blei ein del av konsernet DIV Group:
– Det er mogleg ein ikkje likte dette i Ulsteinvik, men juridisk og faktisk så var det slik, sa Rosén.
Advokatane til Debeljak gav bankane skulda for konkursen i Kleven verft.
– Eg har aldri opplevd noko liknande oppførsel frå bankar som eg har opplevd her, sa Debeljak.
Han meinte seg både misforstått og motarbeida av nøkkelpersonar og bankane til Kleven verft. Det blei også hevda an nokre skulle ha dobbeltroller som motarbeida den nye kroatiske eigaren.
– Ingen plan om konkurs
Forsvaret snakka også om det påståtte eineherredømet som Debeljak skulle ha innført:
– Debeljak fekk signaturrett aleine da han blei styreleiar i Kleven, og det er heilt vanleg. Det same gjeld også hos naboen i Ulstein verft og deira moderselskap, sa advokaten til kroaten.
Forsvaret viste også ein e-post der den kroatiske konsernleiinga stod fram overraska over at bankane stoppa all finansiering av Kleven verft. Det skjedde få timar etter eit turbulent møte mellom styreleiar Debeljak og bankane.
– Dette viser vel teikn på at det ikkje låg føre ein plan om at Debeljak eigenhendig hadde planlagt å køyre Kleven verft til konkurs, sa advokaten.
– Blei sjokkert av skulding
Kroaten fekk også spørsmål om dei sterke påstandane om eit påstått forsøk på å tømme kontantkassa til Kleven verft på 61 millionar kroner, og at økonomiansvarleg i Ulsteinvik skulle ha fått beskjeden rett før midnatt:
– If you don’t do this, you are not protected
– Er det slik du erindrer det? spurte hans advokatar.
– Vi må beskytte våre tilsette, og om dei føler seg trua, må dei fortelje oss i leiinga om det, så vil me prøve å beskytte dei, svarte Debeljak, og la til:
– At eg blei skulda for å stele noko (kontantkassa) sjokkerte meg, eg som har ni barn og er ein seriøs forretningsmann.
– Inga utpressing eller svartmåling
Advokatane til eks-styreleiar Debeljak gjekk også ut mot påstandane om at den kroatiske eigaren skulle ha utpressa underleverandørar.
Dei viste fleire e-postar der kroatiske DIV Group freista å reforhandle eksisterande avtalar, i ein gemyttleg tone.
Dei viste også dokument som etter koronaens utbrot viste at forventningane til økonomien i Kleven gjekk frå 40 mill. i pluss til 14 mill. i minus.