Avtalen om kjøp blir gjennomført dei neste vekene. Dette melder Kleven verft AS i ei pressemelding.
Ola Beinnes Fosse er finansdirektør i Kleven AS.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Dette er ei vanvitig lette for dei tilsette, som har hatt konkursspøkelse hengande over seg i fleire år no, seier Ola Beinnes Fosse, finansdirektør i Kleven verft til NRK.
Har slite økonomisk
I september blei det klart at rundt 100 tilsette ville miste jobben, som følgje av ein vanskeleg omstillingsperiode etter nedgangen i offshorebransjen. Alternativet var ei avvikling av selskapet.
– No er vi i ferd med å få inn ein ny og solid eigar av verftet. Vi har gjennom ein vanskeleg periode klart å levere fantastiske skip, samt behalde den høge kompetansen på verftet, seier administrerande direktør i Kleven, Kjetil Bollestad i pressemeldinga.
Skipsverftet hadde i 2018 eit resultat før skatt på minus 349 millionar kroner.
No kjem kroatarane inn med ein eigenkapital på nærare tre milliardar kroner, som gjer at Kleven er i stand til å finansiere nye skip. Dei kjem også med nye prosjekt og arbeidskapital.
Kleven verft ligg i Ulstein, midt i den maritime klynga på Sunnmøre. Her under bygging av MS Fridtjof Nansen.
Foto: Per EideSkal framleis heite Kleven
DIV Group eig blant anna Brodosplit, som er det største skipsverftet i Kroatia.
DIV Group er eit av at dei største industriselskapa i Kroatia og er eigd av Tomislav Debeljak, som også er administrerande direktør.
Foto: Tom Dubravec / Cropix– Kleven er anerkjent over heile verda som eit norsk verft med fyrsteklasses referansar og konstruksjonskunnskap, spesielt når det gjeld utstyr til komplekse skip, seier Tomislav Debeljak, eigar og administrerande direktør i DIV Group i pressemeldinga.
Etter oppkjøpet vil Kleven verftet framleis halde på namnet, noko som bidrog til at kroatarane blei valt.
– Det er Kleven dei er interessert i. Dei ønsker å bruke Kleven i sin marknadsføring ut for å få på plass nye kontraktar, og det tek vi som eit kjempekompliment, seier Ola Beinnes Fosse.
Hektisk i 2020
Etter levering av det hybride ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen i desember 2019, jobbar Kleven i dag med to store ombyggingskontraktar. Verftet bygger om eit trål/snurrevad-fartøy for NordnesGruppen, og ein lekter for Boa Barges AS, som begge skal vere klare i år.
I tillegg kjem det betydelege leveransar til fire ombyggingsprosjekt frå Hurtigruten i 2020 og 2021. Dei nye kroatiske eigarane vil også kome med oppdrag om kort tid.
Det arktiske hybriddrivne hurtigruteskipet MS Roald Amundsen er bygd på Kleven verft. Det blei levert i sommar, og reiser på turar i arktiske strøk.
Foto: TOR ERIK KVALSVIK/Kleven/Hurtigruten