Hopp til innhold

Krev millionerstatning for mishandling i barndommen

– Eit øydelagt liv lar seg aldri reparere, men det lar seg kompensere, sa advokaten til Øvrelid-søskena i lagmannsretten måndag.

Mette Yvonne Larsen held si sluttprosedyre i Øvrelidsaka i Frostating lagmannsrett. Margareth Øvrelid, Sveinung Vikene og Egil Øvrelid.

Mette Yvonne Larsen representerer Øvrelid-søskena. I bakgrunnen sit Margareth Øvrelid, Sveinung Vikene og Egil Øvrelid.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Dei fem søskena gjekk til sak mot Ulstein og Hareid kommunar fordi dei meiner dei ikkje fekk nok hjelp då dei vaks opp med ein svært valdeleg far på 60-, 70-, og 80-talet.

Gjennom mange rundar i rettsapparatet har det blitt fortalt om grufulle handlingar barna blei utsette for i oppveksten.

Høgsterett oppheva dommen for dei tre eldste, og måndag var det den siste av åtte dagar i ankesaka i Frostating lagmannsrett i Ålesund.

øvrelid

Rundane i retten har vore svært tøffe for søskena.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Har lidd den største urett

Advokaten til søskena, Mette Yvonne Larsen, seier i sin sluttprosedyre at det er heilt klart at også dei eldste har krav på erstatning.

– Dette er ein dom der to får erstatning og ikkje dei tre som har lidd den største urett, seier ho i sin prosedyre.

Ho er klar på at dei meiner barnevernstenestene i kommunane Ulstein og Hareid ikkje gjorde nok for å berge søskena frå mishandlinga frå faren.

Enten burde faren vekk eller så burde barna vekk.

Hareid radhus i Hareid. Vi ser det blå og kvite kommunevåpenet og eit skilt med Hareid over inngangen til eit grått bygg med mange vindauge. I framgrunnen av biletet er nokre grøne busker. Himmelen er overskya og grå.

Søskena saksøker kommunane

I 2018 saksøkte søskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.

Ein advokat står i ein rettssal og held framlegg. Vi ser over skulderen på advokaten som er kledd i svart og er ute av fokus mot riksvåpenet som heng på veggen over der det sit ein dommar ute av syne.

Er saka forelda?

Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om den var forelda eller ikkje, altso at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne sei noko om det.

Ålesund tinghus

Ja!

I oktober 2020 kom dei fram til at den var forelda, og ville ikkje behandle den.

Øvrelid-søskena anka avgjerda til lagmannsretten.

Vi ser ein talebenk i ein rettssal. På bordet står ein skjerm med nokre dokument oppe. Dei er ute av fokus slik at ein ikkje ser kva som står der. Der er også ein lang mikrofon med eit raudt lys som indikerer at eit opptak vert gjort. Der ligg eit nettbrett nokre dokument og tørkepapir på bordet.

Ikkje forelda likevel

Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at søskena dermed kunne fremje erstatningskravet sitt til kommunane.

Noregs Høgsterett

Høgsterett sa nei

Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa nei til å behandle anka, fordi saka ikkje var prinsipiell nok.

Øvrelidsøskena under rettssaka i lagmannsretten. Fremst sit Egil og Margareth Øvrelid og bak er Sveinung Vikene Hilde Kristin Korsnes og Linda Vikene Strand. Egil er i fokus der han sit med ein grå strikkagensar grått hår og briller. Han noterer på eit papir medan dei andre søskena føl med på det som skjer i rettssalen.

Ei full rettssak

Dermed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.

Hovuddommar i Øvrelid-saka Lars Magnus Bergh sit på dommarstolen i ein rettssal. Han sit i svart kappe under riksvåpenet som heng på veggen. I forgrunnen, ute av fokus, står advokat Mette Yvonne Larsen på talarstolen bøygd over ei datamaskin. Dommar Bergh ser på advokaten.
Josef Benoni Ness Tveit

Dom i lagmannsretten

Dommen i Frostating lagmannsrett kom i mars 2023: Dei to yngste søskena fekk erstatning frå kommunane. Dei tre eldste fekk ikkje erstatning. Avgjerda blei anka til Høgsterett.

Ein rettssal full av folk. På eine benken, til venstre, sit to privatpersonar og to advokatar med papir og datamaskiner framfor seg. Lengst inne i rommet, under riksvåpenet som heng på veggen, sit fem dommarar i høge stolar. I talarboksen midt i salen står Terje Marthinsen i advokatkappe og snakkar. På andre sida, bak ein benk, sit tre-fire andre advokatar og politikarar.
Josef Benoni Ness Tveit

Opphevar dommen

I september 2023 blei det kjent at Høgsterett opphevar heile dommen frå lagmannsretten for dei tre eldste søskena. Dei får dermed opp saka si til ny behandling i Frostating lagmannsrett i mars og april 2024.

Krev erstatning på over 40 millionar

Larsen la ned påstand om erstatning også for dei tre eldste. Dei meiner dette er rett kompensasjon for kvar av søskena:

  • Margareth Øvrelid: 11 786 768
  • Sveinung Vikene: 16 204 015
  • Egil Øvrelid: 13 304 767

Eit øydelagt liv lar seg aldri reparere, men det lar seg kompensere, seier Mette Yvonne Larsen.

Ho krev også at ingen av søskena skal bli dømde til å betale sakskostnader.

Frå venstre: Egil Øvrelid, Sveinung Vikene og Margareth Øvrelid under siste dag av ankesaka i Frostating lagmannsrett.

Advokaten til Ulstein og Hareid kommunar i Øvrelid-saka, Terje Marthinsen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

I tillegg til å vurdere erstatningskravet frå dei tre eldste søskena, skal også Frostating lagmannsrett vurdere om alle fem er utsette for brot på Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK).

Det dei huskar best frå barndommen er at dei var redde heile tida. Etter vårt syn har dette ikkje vore tatt nok omsyn til i den førre dommen når det gjeld brot på EMK, seier advokat Tonje Lilaas Larsen, som også representerer søskena.

Advokat Tonje Lilaas Larsen i Frostating lagmannsrett under sluttprosedyrane i Øvrelid-saka.

Advokat Tonje Lilaas Larsen i Frostating lagmannsrett.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Meiner kommunane gjorde nok

I sin sluttprosedyre seier advokaten til kommunane, Terje Marthinsen, at han forstår historiene vekker sterke kjensler, og at saka er omfattande for dei som skal ta stilling til erstatningskravet.

Han slår likevel fast at terskelen for å ta barn vekk frå foreldra var og skal vere svært høg. Dei meiner også at det ikkje finst dokumentasjon som viser at det var grunnlag for at barnevernet skulle ta over omsorga for barna.

Advokaten til Ulstein og Hareid kommunar i Øvrelid-saka, Terje Marthinsen.

Advokat Terje Marthinsen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Det er ikkje slik at det er barnevernet sitt ansvar å sørge for at alle barn har det så bra som mogleg. Men dei kan og skal reagere adekvat på meldingar som kjem inn, sa Marthinsen.

Og det meiner advokaten kommunane har gjort.

Vi kan ikkje utelukke at det har vore vald i heimen, og vi kan ikkje utelukke at det har vore systematisk vald. Men det er ikkje bevist, seier han.

Og han viser også til at kommunane uansett ikkje visste noko som skulle tilseie at dei tok over omsorga for barna.

Dermed ber han om at kommunane blir frifunne, og at søskena må betale sakskostnadene.