Hopp til innhold

Aurdal meiner at Helse Møre og Romsdal manglar overføringar frå Helse Midt-Norge

Helse Møre og Romsdal manglar 160 millionar kroner og har sett i gang ein svært omstridd funksjonsfordelingsprosess.

Jan Kåre Aurdal

Jan Kåre Aurdal meiner at det er for lite overføringar til hans region.

Foto: Aina Rødal / NRK

Trond Michael Andersen

Jan Kåre Aurdal meiner at det er for lite overføringar frå Trond Michael Andersen, direktør i Helse Midt-Norge.

Foto: Helse Midt-Norge

Trond Michael Andersen, direktør i Helse Midt-Norge, blir møtt med krav om meir pengar til Møre og Romsdal når han møter dei tre regionråda i fylket. Det skjer 19. desember i Ålesund.

Dagleg leiar i Sunnmøre regionråd, Jan Kåre Aurdal, meiner at det må leggast meir pengar på bordet.

– Eg kan ikkje forstå noko anna enn at det må vere for lite overføringar til vår region, og det vil vi fokusere på, seier Aurdal.

Møre og Romsdal får for lite

Helse Møre og Romsdal må gjere kraftige innsparingstiltak fordi dei manglar pengar. Aurdal er sikker på at vår region ikkje får stor nok del av kaka.

– Eg meiner at Helse Møre og Romsdal har kome i ein nesten umogeleg situasjon, og eg forstår ikkje korleis dei skal klare å gjennomføre desse kutta. Når ein høyrer det helseministeren seier om pasienttryggleik, og at ein ikkje skal gå i mot ei regjeringserklæring, så kan ikkje eg forstå noko anna enn at det må meir pengar til sjukehusa.

Regjeringa kan vere redninga

Ein kan ikkje gå i mot regjeringserklæring, og eit alternativ kan vere at regjeringa sjølv kjem med ei hjelpande hand.

– Det kan godt hende at regjeringa må legge meir pengar på bordet. Først og fremst må fordelinga diskuterast, men det kan hende at regjeringa må inn med meir pengar, seier Aurdal.