Dei tilsette i Helse Møre og Romsdal blir no varsla om kva for kutt i sjukehusa i fylket må gjere. I dag er det ekstraordinært styremøte i helseføretaket, der styret skal orienterast om forslaget til innsparingar frå neste år.
Helse Møre og Romsdal manglar 95 millionar kroner på å få budsjettet for 2014 i balanse, og krava til innsparingar er knallharde.
Spesielt for sjukehuset i Kristiansund vil forslaga kunne bli dramatiske. Blant anna står sengeposten ved barneavdelinga i fare for å bli lagt ned.
Kuttforslaga
Her er forslaga som vert lagt fram administrasjonen i føretaket:
Kirurgi: Akuttkirurgien kan bli samla ved Ålesund sjukehus og Molde sjukehus, og dermed lagt ned i Kristiansund og i Volda. Urologi vil bli særskilt vurdert.
Ortopedi: Kristiansund sjukehus får hovudansvaret i ortopedien i Nordmøre og Romsdal 24/7.
Pediatri: Det vil bli vurdert om ein skal samle døgntilbodet ved Ålesund sjukehus.
Gynekologisk/fødetilbod: På Nordmøre og i Romsdal vert det vurdert å same tilbodet ved eitt av sjukehusa. Mest truleg vil dette bli i Molde.
Førebur seg til fakkeltog
Ordførar Per Kristian Øyen i Kristiansund vil kjempe for å behalde akuttkirurgien og føde- og barneavdelinga ved sjukehuset i byen.
Foto: Eirik Haukenes / NRKOrdførar Per Kristian Øyen i Kristiansund fryktar forslaga vil gå utover byen hans.
– Den umiddelbare reaksjonen dette går utover Kristiansund igjen, at kuttkirurgi og føde- og barneavdeling kan bli flytta, seier han til NRK.
– Kor dramatisk ser du for deg at dette kan bli?
– Helseføretaket skal spare pengar og nokon innsparingar må skje. Eg kjenner på at vi er ein slik situasjon i Kristiansund at det er ikkje akkurat vi som har vunne sjukehuskampane tidlegare, men det er lov å håpe, seier han.
Administrerande direktør i helseføretaket, Astrid Eidsvik, har sagt at ho enno ikkje heilt har bestemt seg. Med trugslane hengande over hovudet, er ordføraren klar for å kjempe.
– No skal eg heim og trykke på nokre knappar, for no ser eg at vi må tenne nokre faklar, seier han.
- Les også:
Fryktar smitteeffekt
Ordførar Arild Iversen i Volda kommune er uroa over kuttforslaga i Helse Møre og Romsdal.
Foto: Ivar Lid Riise / NRKOgså ordføraren i Volda, Arild Iversen, er uroa over signala om å ta vekk akuttkirurgien i Volda og samle han i Ålesund.
– Det trur eg med ganske stor sikkerheit vi kan seie vil føre ein smitteeffekt med eit mindre og dårlegare tilbod innan indremedisin og føde, seier han.
- Les også:
– Er det mogleg å ha eit fødetilbod utan akuttkirurgi?
– Dersom direktøren følgjer dei faglege tilrådingane som ho har fått, så tilseier dei at eit lokalt sjukehus skal ha både kirurgi, indremedisin og eit fødetilbod, seier Iversen.
– Så eg stolar på at direktøren ikkje går på akkord med det medisinsk forsvarlege, legg han til.