Hopp til innhold

– Sjukehusa utsette for systematisk skvising

– Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal er resultatet av ei utvikling som er styrt av Helse Midt-Noreg, hevdar Asmund Kristoffersen.

Asmund Kristoffersen

Asmund Kristoffersen har sjølv site i styret i Helse Midt-Noreg og er slett ikkje fornøgd med måten styret no har handtert den økonomiske situasjonen til Helse Møre og Romsdal på.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Helse Møre og Romsdal manglar 160 millionar kroner og har sett i gang eit omfattande arbeid med funksjonsfordeling mellom sjukehusa.

– Det er svært vanskeleg å sjå korleis ein skal drive sjukehusa i fylket vårt med så lite pengar, seier Asmund Kristoffersen, som meiner at både styret og administrasjonen i Helse Møre og Romsdal er sett i ein sterk skvis.

Han har sjølv site i styret i Helse Midt-Noreg, og likar ikkje måten dei har handtert den økonomiske situasjonen på.

– Direkte uforsvarleg

Kristoffersen meiner Helse Møre og Romsdal sin økonomiske situasjon er ein direkte konsekvens av den nye inntektsmodellen Helse Midt-Noreg har innført.

– Helse Midt-Noreg si fordeling av pengar er direkte uforsvareleg. Helse Møre og Romsdal kom langt dårlegare ut med den nye modellen enn det helseføretaket gjorde opprinneleg.

Les også:

Den tidlegare stortingsrepresentanten har også vore helsepolitisk talsmann for arbeidarpartiet, og han meiner dette er ei planlagt utvikling frå Helse Midt-Noreg si side.

– Eg såg det ellereie i 2010 då Strategi 2020 vart vedteke at det skulle vere ein del struping av ressursar til sjukehusa, ikkje minst til sjukehusa i Møre og Romsdal, seier Kristoffersen.

– Ikkje rett overfor innb

Denne utviklinga såg han også att i inntektsmodellen som gjeld fordeling av pengar.

– Møre og Romsdal kom veldig dårleg ut. Verknaden av modellen burde ha vore vurdert før den vart sett ut i live.

Ifølgje Kristoffersen er det lagt ein plan for korleis ein skal sentralisere tilbod og ta funksjonar frå nokre av sjukehusa.

– Då er det forsåvidt både planlagt og tenkt at slik skal det helst vere, men eg synest ikkje det er rett overfor innbyggjarane i Møre og Romsdal at gode tilbod skal verte fjerna.

Les også:

– Folk sine liv vert sette i fare

Kristoffersen peikar på at det kan vere positivt å samle tilbod, men ikkje for ein kvar pris.

– Det er sjølvsagt slik at nokre tilbod treng høg kompetanse, men akuttkirurgi og føde bør vere tilgjengeleg der folket bur.

Er avstanden til desse tilboda for lang, meiner Kristoffersen at ein set folk sine liv og helse i fare.

– Det er å gå for langt å ta frå distriktsjukehusa dei funksjonane dei har i dag.