Hopp til innhold

Skipstunnel kan bli turistmagnet

Med musikk av Grieg, veggmåleri og spektakulært bilde- og lysshow skal gjennomfarten i verdas første skipstunnel bli ein sensasjon.

Stad skipstunnel

TURISTMAGNET: Saman med nye hotell og opplevingssenter er målet at Stad skipstunnel og Vestkapp skal bli attraktivt for turistar.

Illustrasjon: Kystverket

Dette er det hårete målet til entusiastane bak Stad skipstunnel. Ein av dei er 81 år gamle Per Sævik. Mannen bak Havila Kystruten smiler og er i godlune. Han vandrar rundt på brua i det nye skipet sitt, Havila Castor.

På skipet vart det sist veke arrangert konferanse om nettopp Stad skipstunnel.

Vanlegvis går skipet i fast trafikk frå Bergen til Kirkenes. Då må Stadhavet kryssast.

– Skipstunnelen, Selja Kloster og Stadtplatået kan bli Vestlandets Nordkapp. Marknadsmessig kan ein nesten ikkje verdsetje Stad skipstunnel høgt nok, seier han.

81-åringen har bygd opp tre supplyreiarlag, har sete på Stortinget for KrF og vore ordførar i heimkommunen Herøy. I dag eig han mellom anna reiarlaga Fjord1 og Havila Kystruten.

81 år gamle Per Sævik på brua på skipet Havila Castor under konferansen om Stad skipstunnel.

OPTIMIST: Skipsreiaren Per Sævik meiner Stad skipstunnel kan bli kjempesuksess for reiselivet på Nordvestlandet. Her er han på brua i det nye skipet Havila Castor.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil ha opplevingssenter og hotell

Også Kristian Jørgensen i Fjordtours er positiv til skipstunnelen.

– Berre eit hol gjennom fjellet blir sjølvsagt ikkje suksess. Men det kan bli suksess dersom ein utformar det spektakulært og sel det inn på rette måten, seier den tidlegare toppsjefen i FjordNorge.

Jørgensen vil bruke skipstunnelen som katalysator for å få området rundt Stad til å bli det nye store reisemålet i Noreg.

– Kvifor kan ikkje Vestkapp få ein minst like sterk posisjon som Nordkapp, spør han.

Opplevingssenter, store hotell og eit godt utbygd hurtigbåtsamband er ein føresetnad for suksess, meiner Jørgensen.

– Klart det vil koste pengar, men pengesterke folk blir med dersom dei har tru på prosjektet, seier han.

Stad skipstunnel

Stad skipstunnel vil gå frå Kjødepollen til Moldefjorden og bli 1,7 kilometer lang. 81 prosent av dagens skipstrafikk vil kunne bruke tunnelen. Tunnelen skal ikkje vere brukarfinansiert, det vil seie gratis passering.

Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

Viktig for tryggleiken

Det viktigaste argumentet for skipstunnelen er å unngå den svært vêrutsette og farlege strekinga forbi Stad. Kombinasjonen av vind, straum og bølgjer gjer at strekninga er spesielt krevjande å segle i. Berre sidan 2. verdskrig har 34 menneske omkome på Stadhavet.

Med eit godt utbygd hurtigbåtsamband vil skipstunnelen knyte Ålesund og Florø tettare saman. Til ein felles bu- og arbeidsmarknad. Reisetida vil bli på om lag to timar.

Store dimensjonar

Skipstunnelen er kostnadsrekna til vel 3 milliardar kroner og prosjektet vart vedteke av Stortinget i fjor. Tunnelen vil bli 1,7 kilometer lang og er dimensjonert for skip med ei breidde på 21,5 meter, høgd på 33 meter og djupne på åtte meter. Planen er å kome i gang med det fysiske arbeidet i 2024.

Stad skipstunnel vil få enorme dimensjonar

ENORME DIMENSJONAR: Samanlikna med ein vanleg biltunnel blir Stad skipstunnel veldig stor. Høgare enn rådhuset i Ålesund og nesten like høg som Triumfbuen i Paris.

Foto: Kystverket / Kystverket

– Aukande behov for tunnel

Kystdirektør Einar Vik Arset meiner skipstunnelen vil vere svært viktig.

– Prognosar om hyppigare ekstremvêr aukar behovet for tunnelen, seier han.

Tunnelen vil også redusere drivstofforbruket ein god del fordi forbruket av diesel aukar vesentleg i høg sjø.

Og han meiner det er viktig å gjere tunnelen attraktiv for turistar.

– Hovudoppgåvene våre er hovudsakleg knytt til tryggleik på sjøen, men vi må ikkje gløyme reiselivet. Innspela om å gjere tunnelen meir attraktiv er superrelevante, seier han.

Kystdirektør Einar Vik Arset.

VIKTIG: Stad skipstunnel vil gjere seglinga forbi stad mykje tryggare, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Foto: Bård Siem / NRK

Kan bli utsett på ubestemt tid

Trass i at tunnelen vart vedteken på Stortinget i fjor, er det ikkje sikkert at den kjem som planlagt.

Den geopolitiske situasjonen, med sterk prisvekst og store statlege ekstrakostnader, gjer at både Stad skipstunnel og andre samferdselsprosjektet kan bli utsette på ubestemt tid.

Også motkreftene er sterke. Tunnelen vart på leiarplass i Aftenposten sist veke omtalt som «ein fiks ide» og at prosjektet «særleg peikar seg ut» for å bli kutta. Det blir også vist til at tryggleiken til sjøs har vorte stadig betre, og at det knapt skjer alvorlege ulukker lenger ved Stad.

– Utsetjing vil vere skandale

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) og Erling Sande (Sp) meiner dette er Oslo-arroganse av verste stort.

– Det bør gå an å støtte eit prosjekt sjølv om ein ikkje ser det frå avisredaksjonane i Oslo, seier Bjørlo.

I Nasjonal Transportplan fram mot 2033 blir det lagt opp til å bruke om lag 1000 milliardar kroner på veg og bane. Skipstunnelen til om lag 3 milliardar kroner er det største prosjektet innan sjøtransport.

– Sett i det lyset blir kuttforslaget nesten komisk, meiner Bjørlo og Sande. Begge kjem frå tidlegare Sogn og Fjordane.

Stortingspolitikarane Erling Sande og Alfred Bjørlo på skip ved innslaget til planlagde Stad skipstunnel.

FRÅ LATTER TIL FRUSTRASJON: Stortingsrepresentantane Erling Sande (Sp) og Alfred Bjørlo (V) var i godt humør under konferansen som Stad skipstunnel. Men forslaget om å stoppe prosjektet har dei ingen sans for. Bak ser vi innslagspunktet for skipstunnelen.

Foto: Bård Siem / NRK

Tilbake på Havila Castor vrir Per Sævik seg i stolen når vi spør om han trur Stad skipstunnel blir utsett.

– Det vil i så fall vere ein politisk skandale, er den klare meldinga frå 81-åringen.