Hopp til innhold

Krafttak for lærlingplassar

Fylkesvaraordførar og medlem i utdanningsutvalet, Gunn Berit Gjerde oppmodar både bedrifter og kommunar i fylket til dugnad for å skaffe lærlingplassar.

ELEVER

Omlag 300 elevar står framleis utan lærlingplass i Møre og Romsdal til husten.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Per 1. august hadde om lag halvparten av dei rundt 1200 som har søkt lærlingplass, fått det. Men framleis er knapt 300 utan plass.

– Det er no utruleg viktig at vi får lærlingplassar til desse elevane, slik at dei kan få ei opplæring ute i bedriftene. Det er nødvendig for å kunne rekrutterer til desse fagfelta i framtida og for at elevane skal bli i skulesystemet, seier Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar og medlem i utdanningsutvalet.

No trengst det ein dugnad, meiner Gjerde.

– Eg meiner at kvar bedrift bør ta ei revurdering og sjå om dei kan stille med fleire lærlingplassar, seier ho.

– Vi må tenke langsiktig

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde meiner det er viktig å tenke langsiktig.

Foto: Aina Rødal / NRK

Gjerde er ikkje overraska over at det er ein mangel på lærlingplassar no.

Nedbemanninga i skipsindustrien gjer at det er særleg mangel på plassar innan industrimekanikarfaget.

Likevel meiner ho at kommunane også må bli flinkare til å ta imot lærlingar, særleg med tanke på rekrutteringa til helsefag og barne- og ungdomsarbeid.

– Eg ber om at næringslivet og kommunane tenker langsiktig. Vi veit at slike situasjonar ofte går i bølgedalar, seier Gjerde.

Krafttak for fleire lærlingplassar

Ho meiner det er nødvendig for å sikre rekrutteringa til den dagen ein har behov for denne arbeidskompetansen igjen.

– Nokre kommunar er flinke til dette, medan andre er veldig dårlege og ikkje tek inn lærlingar i det heile tatt, seier Gjerde.

– Er det realistisk å tru at bedrifter og kommunar kan skaffe nok lærlingplassar til komande skuleår?

– Ja, det meiner eg. Eg trur vi skal klare dette dersom vi alle går saman og tek eit krafttak. Då trur eg det skal vere mogleg å fylle dei lærlingplassane som vi no manglar, seier Gjerde.