Hopp til innhold

11 testa positivt på fiskebåt – ser ikkje behov for å avbryte turen

Om bord på fiskebåten «MS Loran» frå Sunnmøre har 11 av 18 testa positivt for korona i løpet av dei to siste vekene. Båten vil likevel halde fram med å fiske.

Loran

11 SMITTA: MS Loran frå Godøya er ute og fiskar på Grønland. Dei har ikkje vore på land sidan det blei påvist smitte.

Foto: Johannes Lovund / Loran

11 av 18 personar om bord på fiskebåten «MS Loran» frå Godøya i Giske kommune har testa positivt med hurtigtest for koronavirus i løpet av dei siste to vekene.

Per no er seks personar smitta på båten, sidan fem av dei i dag testa negativt. Mannskapet som er smitta, skal ha milde, eller ingen symptom.

Fiskebåten har ikkje vore på land, og ser ikkje behov for å avbryte turen.

– Vi har heile tida fått og følgt råd frå smittesporingsteamet i Giske kommune og sjømannslegen. Dei smitta har hatt milde symptom og vore sjuke berre ein dag eller to. Dei har hatt lite feber, seier Staale Otto Dyb, reiar og skipper om bord, i ei pressemelding frå Giske kommune.

Er litt over eit døgn unna Reykjavík

Fiskebåten, som fiskar etter torsk, er no på Grønland. Den smitta kom til båten på Godøya den 18. april, og blei stadfesta smitta den 22. april. Sidan då har båten fått totalt elleve smittetilfelle.

– Ingen har uttrykt at dei er engstelege, eller har sagt at dei vil til land. Heldigvis er vi eit ungt mannskap, seier styrmann Tonje Dyb til NRK.

Dersom nokon skulle bli sjuke, er båten litt over eitt døgn unna Reykjavík.

– Stuerten har det kanskje mest travelt, som har roomservice på seks rom, seier skipperen.

No er dei snart ferdig med kvoten på Grønland, og vil fiske vidare i norsk sone. Dei forventar å vere heime på Godøya i månadsskiftet mai/juni.

BÅT FRÅ GISKE: Fiskebåten er heimehøyrande i Giske kommune.

– Eg er glad vi har vore på kurs i testing

Sidan tidleg i haust har fiskebåten hatt rutine på å teste alle dei påtroppande. I tillegg brukar dei munnbind heile tida. Alle tek også temperaturmåling dagleg.

Skipper og styrmann utfører testar med jamne mellomrom.

– Vi har nok rom og separate bad til bruk ved isolasjon av dei smitta. Elles har vi vore godt rusta og har alt nødvendig utstyr om bord. Eg er glad vi har vore på kurs i testing, det kjem godt med no, seier Staale Otto Dyb.

Sjømannslege Kjetil Bjørge, rosar mannskapet.

– Dei har takla det eksemplarisk. Dei har god kjennskap til covid-smitte, har godt smittevernutstyr og har følgt retningslinjene, seier han.

Stammar truleg frå utbrotet på Toldboden

Smitten stammar truleg frå utbrotet på uteplassen Toldboden i Ålesund, og det er stadfesta et det er den engelske varianten av koronavirus.

– Vi antar at det kjem frå det kjente ålesundutbrotet frå Toldboden, seier kommuneoverlege Anne Line Sommerdalen.

Smitta frå utestaden har ført til eit omfattande smitteutbrot, med over 100 smitta.

Toldboden restaurant i Ålesund

STORT UTBROT: Koronasmitte på ein fiskebåt i Giske kjem truleg frå utbrotet på uteplassen Toldboden i nabokommunen Ålesund.

Foto: Synnøve Hole / NRK