Kommunen fekk varsel før 100 blei smitta etter festing – førte ikkje til utrykking

Ein sjokkert forbipasserande varsla kommunen med gjentekne meldingar om festinga på utestaden Toldboden. Men varselet førte ikkje til nokon kontroll. No er over 100 smitta.

Dansing på Toldboden i Ålesund.

Bildet er henta frå ein video som viser folk som dansar og klemmer på Toldboden laurdag 17. april. I ettertid har restauranten fått kritikk for at det var alt for mange, for tett. Videoen har sirkulert i sosiale medium den siste veka.

Foto: Skjermdump video

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Festinga i vårsola på restaurant Toldboden i Ålesund har blitt ein snakkis og ein verkebyll på Sunnmøre. I ettertid har det vist seg at ein eller fleire av festdeltakarane hadde korona, og på to veker har smitten spreidd seg til minst 119 vaksne og barn. Framleis kjem det dagleg meldingar om nye smitta.

No vedgår kommunen at dei blei varsla om uforsvarlege forhold, men ikkje sette ein stoppar for det.

Øyvind Skjelten

Rådgjevar Øyvind Skjelten i Ålesund kommune har ansvar for kontroll med skjenkestader. Han seier dei no har endra rutinane ved bestilling av kontrollar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det var ingen som kunne førestille seg at det skulle komme ei så stor bølgje som følgje av dei brota som skjedde, seier Øyvind Skjelten, som har ansvar for kontroll av utestader i kommunen.

Han bad Securitas, som utfører korona-kontrollar, om å rykke ut, men forsikra seg aldri om at dei faktisk gjorde det.

Tekstmelding frå Øyvind Skjelten i Ålesund kommune

Tekstmeldinga viser at rådgjevar Øyvind Skjelten i Ålesund kommune bad Securitas kontrollere kva som skjedde på to utestader laurdag kveld.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Melding oppdaga først etter ei veke

NRK har fått innsyn i korrespondanse som viser at det berre tok fire minutt frå varslaren tok kontakt, før kommunen sende ei tekstmelding og bad Securitas om å kontrollere kva som skjedde på utestaden. Men den tekstmeldinga blei ikkje lesen før etter ei veke.

Tekstmelding frå varslar til Øyvind Skjelten i Ålesund kommune

Her er meldinga som ein anonym varslar sende til Øyvind Skjelten i Ålesund kommune laurdag ettermiddag.

Foto: Skjermdump

Han som varsla kommunen og bad dei gripe inn, synest det er utruleg.

– Eg kjenner ikkje detaljane i dette, men synest det er klanderverdig at ein kontrollfunksjon ikkje fungerer. Spesielt ille er det når ein ser konsekvensane, at det går utover 100 000 menneske, seier han til NRK.

Han viser til at smitteutbrotet har spreidd seg i Ålesund og nabokommunane, og at det er innført strenge lokale reglar for innbyggarane i fleire sunnmørskommunar.

Varslaren, som gjekk forbi Toldboden og ein nabo-restaurant i ettermiddagssola blei så forferda at han resolutt sende melding til kommunen.

Det er hundrevis av enkeltbrudd. Det er bord med for mange, ingen avstand, ingen respekt for 1 meter utenom hustandskohort, knapt nok registrering, servering utover måltid, allsang i mixede grupper, fyll, køer uten avstand og sirkulering.

anonym varslar

– Glipp hos Securitas

Rådgjevar Øyvind Skjelten i Ålesund kommune meiner Securitas burde reagert på meldinga, og seier det ikkje tidlegare har vore nødvendig å kontrollere at vaktselskapet utførte bestillinga.

– Det viser seg at det var ein glipp hos Securitas som gjorde at dei ikkje fanga opp den meldinga, seier Øyvind Skjelten.

– Men kvifor let kommunen vere å forsikre seg om at dei faktisk tok ein kontroll?

– Fordi vi vanlegvis erfarer at kontrollane blir gjennomført når vi bestiller dei, seier han.

Magne Olav Strømme

Driftsleiar Magne Olav Strømme i Securitas seier han aldri oppdaga tekstmeldinga frå kommunen, der dei bad om kontroll på Toldboden. Først ei veke seinare blei han klar over bestillinga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Driftsleiar Magne Olav Strømme i Securitas stadfestar at tekstmeldinga ikkje blei registrert, og beklagar det. Han seier det er vanskeleg å vite korleis ein kontroll kunne påvirka smitteutbrotet.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å spekulere i om smitten hadde spreidd seg dersom kontrollen hadde blitt gjennomført. Ein kontroll hindrar ikkje smittespreiing mellom gjester som allereie er inne på ein skjenkestad, seier han.

Ein video frå Toldboden den same kvelden viser folk som dansar og klemmer, ropar og syng og har fått stor merksemd i sosiale medium.

Endrar rutinane

Kommunen bad heller aldri politiet om assistanse då dei fekk tips om restauranten Toldboden, men i ettertid er det starta etterforsking.

Utbrotet er det største i Ålesund nokon gong under pandemien, og både kommunen og Securitas endrar no rutinar for kontrollar på utestadene.

– Det er på bakgrunn av den erfaringa med at det skjedde ein glipp, seier rådgjevar Øyvind Skjelten i kommunen.

Leiinga ved Toldboden har tidlegare beklaga det som skjedde, men har ikkje ønskja å kommentere saka ytterlegare.

Toldboden restaurant i Ålesund

Toldboden restaurant har vore ein populær stad for mange ålesundarar som ville nyte eit kaldt glas utandørs. Etter besøka helga for to veker sidan, er over 100 vaksne og barn smitta av korona.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 17.06.2021
1 110
Smittede siste 7 dager
43
Innlagte
790
Døde
2 069 012
Vaksinerte