Hopp til innhold

Ålesund melder restaurant Toldboden for brot på smittevern

Ålesund kommune har nådd ny smitterekord. No vel dei å politimelde restauranten Toldboden, der over 50 smittetilfelle har sitt utspring.

Toldboden i Ålesund

BLIR MELD: Ålesund kommune meiner restaurant Toldboden har gjort fem brot på smittevern. Dei vel no å stenge restauranten.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Ålesund kommune har fått melding om 23 smittetilfelle i løpet av onsdagen, det høgste talet på ein dag under pandemien så langt. Når dei følgjer smittevegane, går dei fleste innom Toldboden.

Over 50 smittetilfelle blir spora til restaurantane Toldboden og Anno i perioden 16. til 19. april. No tek kommunen grep.

– Vi har fått mange meldingar om at dei ikkje har følgt smittevernreglane. Det er alvorleg, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal er ordførar i Ålesund frå Ap.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Har vist grov aktløyse

Kommunen melder no restauranten Toldboden til politiet for brot på smittevernreglane. Dei blir også pålagde å halde stengd i ei veke fram over.

– Toldboden har vist grov aktløyse ved at serveringsstaden ikkje i tilstrekkeleg grad har følgd smittevernreglane. Som eit resultat av dette har det skjedd eit alvorleg smitteutbrot som har ført kommunen inn i den mest alvorlege smittesituasjonen ein har hatt under koronapandemien, seier rådgivar i Ålesund kommune, Øyvind Skjelten, i ei pressemelding.

NRK har vore i kontakt med drivarane av restauranten, som ikkje vil kommentere dette på noverande tidspunkt. Dei har tidlegare beklaga at smitte har spreidd seg hos dei.

Ålesund, utsikt fra Toldboden.

Det bur 66.000 menneske i Ålesund kommune. Møre og Romsdal har vore eit av fylka som har vore minst ramma av smite store delar av pandemien.

Foto: Viktoria L. Hellem-Hansen / NRK

Peiker på fem moglege brot

Desse fem punkta meiner Ålesund kommune at Toldboden ikkje har følgd.

  • Reglane om avstand, ved at gjestar sat for tett på kvarandre og ikkje heldt minimum ein meters avstand,
  • Reglane om hygiene, ved at rutinar for reingjering/desinfisering av bord ikkje vart haldne,
  • Reglane om skjenking, ved at gjestar fekk skjenka alkoholhaldig drikke utan krav om samstundes å kjøpe mat,
  • Ved at dei heldt fram med skjenking etter at dei hadde mista kontrollen på å halde smitttevernreglene
  • Ved at dei ikkje i tilstrekkeleg grad oppmoda gjestane om å registrere seg

Stengde ned verft i dag

Torsdag valde også verftet til Vard i Brattvåg å stenge ned etter at seks arbeidarar testa positivt på hurtigtest. Dermed står kommunen overfor to utbrot samtidig.

Vard Brattvåg

Verftet til Vard i Brattvåg er stengd ned.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / Solveig Nyhus Aksnes

– Situasjonen er framleis alvorleg, med utrbrotet vi har hatt ei stund frå restaurantene, også får vi eit utbrot på Vard i tillegg, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Kriseleiinga har diskutert torsdag om dei bør gjere endringar i tiltak.

– Vi meiner framleis at vi er på nivå fire, og dei tiltaka vi alt har iverksett skal kunne halde, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Dei vil heile tida vurdere om det er behov for å stramme til.