Hopp til innhold

Kommuneoverlege om religiøse leiarar: – Dei sviktar sitt ansvar

Kommuneoverlegen i Herøy går ut mot religiøse leiarar som er imot vaksine. – Det har fått fatale konsekvensar, seier han.

Kommuneoverlege i Herøy Bjørn Martin Aasen og kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Kommuneoverlege i Herøy Bjørn Martin Aasen og kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid / Herøy kommune

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen er opprørt fordi han meiner at nokre religiøse leiarar aktivt har påverka personar til ikkje å vaksinere seg.

– Det har fått fatale fylgjer for enkeltpersonar som har latt seg påverke av dette, og det gir stor sorg for andre, seier kommuneoverlegen til NRK.

Aasen seier at han gjennom samtalar har fått inntrykk av eit internt sosialt og religiøst press i retning at det ikkje er Guds vilje at ein skal ta vaksine.

Han seier fleire personar i kommunen er alvorleg sjuke, og at det har vore dødsfall i kristne miljø.

Han meiner at dei religiøse leiarane han kritiserer har svikta som tillitspersonar.

– Dei bør kjenne sitt ansvar. Om det får juridiske konsekvensar må andre avgjere, seier han.

Aasen understrekar at han ikkje snakkar om ei konkret menigheit.

– Mange har blitt veldig sjuke

Leiar i Pinsekirka Sion Gurskøy, Rolf Magne Tømte, seier smitteutbrotet i kommunen har råka dei hardt.

– Det er mange som har blitt veldig sjuke. Det er frykteleg tungt for ei lita forsamling. Om det er oss Aasen rettar peikefinger mot, så hadde eg håpt han tok kontakt med oss personleg, seier han.

Tømte kjenner til enkeltpersonar som har vist vaksinemotstand på nettet, men han er klar på at leiarskapet ikkje har tala om, eller fronta eit slikt syn i kyrkja.

– Men vi kunne nok offisielt vore endå tydelegare for vaksine. Vårt fokus har vore å vere ei menigheit med plass til alle, seier Tømte.

Rolf Magne Tømte i Sion Gurskøy.

Rolf Magne Tømte er leiar i Sion Gurskøy.

Foto: privat

– Kastar mistanke på oss

Leiar i pinsemenigheita Betania Herøy, Harry Andersen, seier han ikkje kjenner til nokon kristne leiarar i kommunen som har oppmoda folk til å ikkje ta vaksine. Han er betenkt over kommuneoverlegen sitt utspel.

Harry Andersen, Betania Herøy.

Harry Andersen er leiar i Betania Herøy.

Foto: privat

– Det kan kaste mistanke på oss når han går ut på denne måten utan å ville seie kven han siktar til, seier Andersen.

Delte ut brosjyrar mot vaksine

I nabokommunen Ulstein er Kåre Johan Lynge mangeårig aktiv medlem og talar i Ulsteinvik Bibelsenter.

Lokalavisa Vikebladet har tidlegare omtala at han sto ved skular i distriktet og oppmoda barn og unge til å ikkje ta koronavaksine.

Kåre Johan Lynge, vaksinemotstandar.

Kåre Johan Lynge er tidlegare kommunestyrepolitikar for KrF i Ulstein. Tidlegare i år delte han ut brosjyrar utanfor skular i distriktet for å overtale born og unge til å ikkje ta koronavaksine. Lynge hevdar at vaksinane er eksperimentelle.

Foto: Linda Eikrem / Vikebladet Vestposten

– Føler du eit ansvar for at folk har blitt sjuke?

– Eg har eit ansvar for å seie det eg meiner er rett, seier Lynge.

Lynge seier han har overtalt mange til å ikkje ta vaksinen.

– Det er ikkje noko som eg har snakka om frå ein talarstol. Det har ikkje noko med kristendomen å gjere. Dei fleste kristne leiarar er for vaksinen, seier han.

Men Lynge seier han kjenner mange i sitt miljø som ikkje vil ta koronavaksine.

Pastor Hans Reite i Ørsta var ein av dei. No angrar han.

– Hadde vore annleis med vaksine

Smitteutbrotet, som spreidde seg over fleire kommunar, råka Herøy hardt.

Kommunedirektøren gjekk krast ut og kritiserte at så mange helsearbeidarar ikkje vaksinerte seg. I etterkant av det blei han trua på livet.

FLEIRE KOMMUNAR: I løpet av nokre veker påviste smittesporinga at koronaviruset spreidde seg i fleire kristne forsamlingar over store delar av Søre Sunnmøre

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen hevdar at smittesituasjonen hadde vore heilt annleis om dei uvaksinerte i dei religiøse miljøa hadde tatt vaksine.

– Er det ikkje frivillig å ta vaksinen då?

– Jo det er det, men vi er pliktige til å opplyse om konsekvensane det kan ha dersom ein vel å ikkje gjere det, seier Aasen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL