Pastor Hans Reite ved Nytt Livs Senter har ikkje tatt koronavaksine. No er han sjølv sjuk, og fryktar at kristne miljø vert hardare råka på grunn av vaksineskepsis.
– Eg er litt bekymra ja. Eg kjenner mange som har blitt smitta. Vi er ein del som ikkje har tatt vaksine, seier Reite.
Etter aktivitet ved Nytt Livs Senter i Ørsta har 15–20 personar testa positivt for korona. Kommunen ventar at talet vil stige.
STENGT: Nytt Livs Senter i Ørsta er stengt inntil vidare. Det eitt av fleire kristne forsamlingshus på Sunnmøre der koronasmitten har spreidd seg dei siste vekene.
Foto: Svein NordalReite seier han kjenner fleire personar som ligg i respirator.
– Det er veldig tragisk, seier pastoren.
Dyrets merke
Reite fortel at han hadde time, og eigentleg hadde tenkt å ta vaksinen. Men at han fekk ein dårleg følelse i kroppen då timen nærma seg. Då hadde han snakka med fleire som var svært skeptiske. Folk hadde mange teoriar om kvifor koronavaksinen kunne vere farleg.
Ein av teoriane som gjer at Reite og fleire andre ikkje vil ta vaksinen handlar om dyrets merke i Bibelen.
BIBELEN: Hans Reite har vore pastor i ei årrekkje. Han valde å ikkje ta koronavaksinen. (Arkivfoto)
Foto: Remi Sagen / nrk– Eg trur vaksinen kan vere ein forløpar til dyrets merke. Det som skjer no er skremmande likt det som står i Bibelen. Det står skrive at du må ha merket for å kunne kjøpe eller selje ting. Om det blir slik at vi må ha koronasertifikat for å sleppe inn på butikkar og restaurantar, så er no det eit merke du må ha for å kjøpe eller selje, seier Reite.
Mange teoriar om dyrets merke
Teolog og filosof Espen Ottosen seier han synest vaksineskepsis er veldig beklageleg. Han er kjend med at spesielt i USA er mange skeptiske til vaksinar med bakgrunn i bibeltolking.
Espen Ottosen jobbar som informasjonssjef i Misjonssambandet og er utdanna filosof og teolog.
Foto: NLM– Spekulasjonar om dyrets merke er noko som stadig dukkar opp. Vi såg det same då det fyrst kom strekkode på varer i butikken. Andre peikte på dyrets merke då folk starta å bruke fingeravtrykk for å låse opp telefonen, seier Ottosen.
– Meir enn halvparten av dei vaksne var uvaksinert
Dei siste vekene har koronaviruset herja fleire kristne forsamlingar på Søre Sunnmøre.
– Smitten spreidde seg svært fort i konservative kristne miljø. Meir enn halvparten av dei vaksne i forsamlingane i Ulstein var uvaksinerte, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.
FLEIRE KOMMUNAR: I løpet av nokre veker har det blitt påvist koronasmitte i fleire kristne forsamlingar. Smitten har spreidd seg over store delar av Søre Sunnmøre
Måtte utsette operasjonar
Sidan vaksinasjonen starta i Noreg har 2.930 uvaksinerte personar blitt lagt inn på sjukehus med koronavirus som hovudårsak. Til samanlikning har 687 fullvaksinerte blitt lagt inn. Det viser tal frå FHI.
– Uvaksinerte som vert smitta, har betydeleg større risiko for alvorleg sjukdomsgang, seier overlege Preben Aasvitsland.
Ålesund er eitt av fleire sjukehus som har måtte utsette planlagde operasjonar.
ÅLESUND SJUKEHUS: Aldri før har så mange pasientar vore innlagde med koronavirus i Møre og Romsdal.
Foto: Øyvind Sandnes / nrkMåndag føremiddag var det rekordmange innlagde koronapasientar på sjukehusa i fylket. Direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, seier dei aller fleste på intensivavdelinga er uvaksinerte.
– Enkelte er så sjuke at dei ikkje klarar å puste på eiga hand, og vi må leggje dei i kunstig koma. Det er ressurskrevjande pasientar som krev mykje av våre tilsette. Dei må jobbe ein del ekstravakter og overtid, seier Bakke.
UTSETT: Direktør i Helse Møre og Romsdal Øyvind Bakke seier dei har fokus på å yte best moglege tenester til innbyggjarane. Han er bekymra over at dei må avlyse planlagde operasjonar.
Foto: Roar Strøm / nrk– Angrar litt
Kommuneoverlegen i Ørsta seier at det kan virke som ein del av vaksineskeptikarane i kommunen no er i ferd med å snu.
– Den siste tida er det fleire som har ringt oss og spurt om dei kan få fyrste vaksinedose. Dei angrar seg etter å ha sett konsekvensane av dette utbrotet, seier Marte Vaage Øie.
Marte Vaage Øie er kommuneoverlege i Ørsta. Ho har ansvar for testing og smittesporing i kommunen.
Foto: Frode Berg / NRKHans Reite er kjend for å stå ved meiningane sine.
Motstand mot Pride sende pastoren frå Volda inn i nasjonale debattar, og gjorde han kjend langt utom heimbygda. I sommar gjorde han det klart i lokalavisa at han ikkje ville ta koronavaksinen.
Men i denne debatten er ikkje pastoren like bastant.
– Eg angrar litt no. Det verkar som om dei som har fått vaksinen blir mindre sjuke. Dette har vore ei veldig trasig tid. Eg fekk lettare sjokk då eg sjølv testa positivt. Smitten har spreidd seg veldig fort, seier Reite.
ANGRAR: Hans Reite angrar no på at han ikkje tok vaksinen. No er han sjølv sjuk. Fleire har blitt smitta ved Nytt Livs Senter i Ørsta og i andre kristne forsamlingar på Søre Sunnmøre. (Arkivfoto)
Foto: Remi Sagen / nrk