Hopp til innhold

Ein person død etter vaksineskandale: – Det var dette vi frykta

Ein pasient ved Herøy omsorgssenter er død som følgje av koronasmitte. Kommunen gløymde å gje vedkomande 3. vaksinedose og no er fleire på avdelinga smitta.

Herøy omsorgssenter, blå avdeling

Herøy kommune gløymde å vaksinere fleire av dei som bur på Herøy omsorgssenter med 3. dosen. No er ein av dei død.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Måndag ettermiddag stadfestar Herøy kommune at det pågåande smitteutbrotet har kravd liv. Eit eldre menneske med underliggande sjukdommar døydde søndag kveld.

– Det var nettopp dette vi frykta, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Pasienten var ein av dei som kommunen gløymde å gje 3. dose av koronavaksine i starten av desember. Totalt 27 pasientar fekk ikkje oppfriskingsdose, slik dei skulle hatt.

– Det er frykteleg trasig, og ein lurer på om utfallet kunne vore annleis dersom ein hadde fått vaksinert alle med tredje dose, seier han.

Kommunen blir no granska av Statsforvaltaren fordi dei gløymde vaksinane.

Trond Arne Aglen

Kommunedirektør Trond Arne Aglen blei drapstrua då han bad uvaksinerte helsearbeidarar om å vaksinere seg.

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik / Vestlandsnytt

Fekk drapstruslar

Kommunedirektøren har stått i stormen etter at han fredag gjekk ut i NRK og kritiserte uvaksinerte helsearbeidarar. Han fortalde om eit helsevesen som er i ferd med å knele etter at over 140 menneske har blitt smitta med korona sidan 20. november. Det førte til drapstruslar mot han.

Ifølgje kommunen blei den døde pasienten smitta på blå avdeling. Der har totalt seks pasientar fått påvist smitte. I tillegg er no ni tilsette korona-sjuke.

Utelukkar ikkje fleire dødsfall

Kommunedirektøren utelukkar ikkje fleire dødsfall. Han seier pasientane som er smitta er prega av sjukdommen, og at alderen deira kan slå negativt ut.

Aglen har tidlegare peika på at noko av forklaringa på at dei 27 pasientane ikkje fekk tredje dose, kan ha vore at den kom parallelt med influensavaksinen.

– Det går litt tid før toppen på sjukdommen slår til. Vi har frykta dette, difor har vi vore så alvorleg bekymra, seier Aglen.

Kommunedirektøren er svært lei for det utfallet denne infeksjonen fekk for pasienten og pårørande.

– Eg beklagar det sterkt. Eg har hatt kontakt med pårørande og gitt uttrykk for det, seier han.

Herøy omsorgssenter

Ein person er død etter koronautbrotet som har råka Herøy omsorgssenter. Til saman er ni tilsette og seks pasientar smitta.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL