Hopp til innhold

Hjørnesteinsbedrifta Kleven verft er konkurs

Fleire hundre arbeidarar har ikkje fått utbetalt løn eller feriepengar frå selskapet. I dag kom beskjeden om at det tradisjonsrike Kleven verft på Sunnmøre er konkurs.

Kleven verft i Ulstein

Dei 430 tilsette skal halde fram å jobbe, fram til bustyret avgjer kva som skal skje vidare.

Foto: Per Eide

Den siste veka har det vore jobba for å finne ei løysing for å redde den kriseramma hjørnesteinsbedrifta. Beskjeden om konkurs kom på eit allmøte for dei om lag 430 tilsette fredag formiddag. Kleven verft var inn til i mars eigd av Hurtigruta ASA, men blei då selt til det kroatiske selskapet DIV Group.

– Våre ambisjonar var å utvikle Kleven og etablere selskapet vårt i Noreg, og det er derfor svært trist at vi ikkje kom til ei løysing i denne vanskelege situasjonen, seier administrerande direktør Tomislav Debeljak til NRK.

Sist veke vart det klart at verftet har store økonomiske problem og at bankane hadde frose låna. I tillegg til dei økonomiske vanskane skal det ifølgje nettstaden nett.no ha vore store samarbeidsvanskar i selskapet, og både finansdirektør Ola Beinnes Fosse og verftsdirektør Kjetil Bollestad har slutta i selskapet den siste tida.

Til E24 seier Bollestad at det var dårleg stemning mellom han og den nye eigaren og at han meiner DIV Group fremma ein dårleg kultur.

– Eg hadde ikkje lyst å vere del av den kulturen, seier han til avisa.

Tomislav Debeljak

Administrerande direktør Tomislav Debeljak seier at han framleis vil kjempe for Kleven.

Foto: Frode Berg / NRK

Tar saka til retten

Kleven Verft har ei nesten hundre år gammal historie og har bygd skip sidan 1961. Seinast i fjor leverte verftet det siste av Hurtigruten sine ekspedisjonsskip. I tillegg til vel 400 tilsette skaper verftet store ringverknader med oppdrag til ein rekke underleverandørar.

Debeljak seier han er usamd med styret si avgjerd om å attrå verftet konkurs.

– Eg vil framleis kjempe for Kleven, seier Debeljak, som vil ta saka for retten.

Han meiner bankane ikkje har hatt jurdisk grunnlag for å seie opp låneavtalane då bankane fraus kontoane til Kleven verft.

– Vi registrerer kva som blir sagt, men ønsker ikkje å kommere disse påstandane nå, seier Hans Tronstad, kommunikasjonsdirektør i Sparebank 1.

DIV Group vil no finne ut kva som er beste løysinga og vil sjå om dei kan kjøpe tilbake verftet. Ifylgje Debeljak har selskapet tapt rundt 10 millionar euro. Han forklarar at koronasituasjonen har bidratt til negative svingingar i marknaden.

Tilsette skal jobbe som før

Styret i Kleven har sendt oppbod til tingretten. Bustyrar tek no over verftet og dei tilsette held fram å jobbe inntil vidare.

–Arbeidet vil gå som vanleg fram til bustyret seier noko anna, seier HR-direktør Magne Gurskevik.

Kleven har vore i kontakt med kommunen og Nav. Om lag 225 har ikkje fått løn og feriepengar.

– Det er dramatisk for dei som ikkje har fått pengane sine, seier Gurskevik.

Gurskevik er imponert over lojaliteten til bedrifta og trua på at dei skal halde fram på ein eller annan måte.

– Dei fleste tar det med fatning. Beskjeden dei fekk var ikkje uventa, seier han til NRK.

– Trist beskjed

Styremedlem Alf Johan Antonsen seier at han såg ikkje anna val enn å gå til skifteretten.

– Vi håper at bustyret vil velje å ferdigstille prosjekta som ligg her og finne ei langsiktig løysing, seier Antonsen, som representerer fagforeininga FLT.

– Det er ein trist å beskjed. Alle trudde vi skulle få det til med dei ny eigarane, seier Frank Hauge i FLT. Han seier mangelen på kapital og mangel på nye ordrar fram i tid, gjorde at styret ikkje såg ei anna løysing.

Olav Høydalsvik i Fellesforbundet trur ikkje det er realistisk at DIV Group skal halde fram og håper det kjem inn nye eigarar.

– Vi har eit fantastisk anlegg, så eg kan ikkje heilt forstå at ingen vil halde fram å bygge skip på Kleven, seier Høydalsvik.

Tillitvalde ved Kleven verft i Ulstein

Tillitsvalde ved Ulstein verft håper det kjem på plass nye eigarar. Frå venstre Alf Johan Antonsen, Frank Hauge og Olav Høydalsvik.

Foto: Frode Berg / NRK

Svikt i tilliten

Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, er ikkje overraska over avgjerda. Han var i møte med Debeljak tidlegare i veka og forstod at det ikkje fanst ein god plan for å redde verftet. Engh seier at kroataren også har opplevd massiv svikt i tilliten og at oppgåva dermed var umogleg. No vel ordføraren å vere optimist og håper det kjem inn ny eigarar.

– Det viktige no er at det ikkje blir full stopp på verftet. Dersom dei tilsette forsvinn og finn seg nye jobbar, blir det vanskelegare å få verftet i gang att, seier Engh. Kriseleiinga i kommunen skal ha møte i ettermiddag.

Knut Erik Engh, Ordførar Ulstein

Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh, vart ikkje overraska over utfallet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Bankar vil bidra

Sparebank 1 er ein mindre kreditor ved Kleven verft som finansierer 30 prosent av eit av byggeprosjekta. Dei skriv i ei pressemelding at det er ein trist dag for dei tilsette,

– Vi vil gjerne bidra konstruktivt i diskusjonane som ventar og har håp om at det framleis finst ei framtid for Kleven Verft, seier kommunikasjonsdirektør Hans Tronstad.

Innovasjon Norge vil også bidra, seier Leon Bakkebø. Han er direktør for finansieringsstaben i Innovasjon Norge

– Dette er beklageleg både for verftet, tilsette, underleverandørar og generell næringsutvikling i lokalsamfunnet. Innovasjon Norge skal bidra konstruktivt i eit forsøk på å finne gode løysingar, seier Bakkebø.

Også GIEK (garantiinstitutttet for eksportkreditt), som har samarbeida med Kleven Verft i fleire år, seier dei vil jobbe saman med andre partar for å forsøke å finne ei god løysing for Kleven.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL