Hopp til innhold

Kleven verft står i fare for å gå konkurs

Den kroatiske eigaren av verftet på Sunnmøre varslar at økonomien er så dårleg at verftet står i fare for å gå konkurs. Dramatisk, seier ordføraren.

Kleven verft i Ulstein

Tre lånegivarar skal ha terminert avtalen med Kleven verft og no står verftet i fare for å gå konkurs.

Foto: Per Eide

Det var i mars i år at det kroatiske storkonsernet DIV Group tok over eit av landets største skipsverft. Verftet har slite økonomisk over lengre tid og har hatt konkursfaren hengande over seg. No truar konkursen igjen dersom det ikkje kjem ei løysing innan 1. juli.

Verftseigar Tomislav Debeljak opplyste i ein e-post fredag om at tre lånegivarar har terminert avtalen med verftet, skriv nettstaden nett.no. Dette skal ha ført til at alle kontoane til Kleven og dotterselskapa er fryst.

Ifylgje nett.no er verftsdirektør Kjetil Bollestad oppsagt. Til nettstaden seier han at han har fått beskjed om å gå fordi dei ikkje hadde bruk for han lengre. Til NRK seier Bollestad at han ikkje har nokon kommentar utover det han er sitert på i nett.no.

DIV Group sin talsperson, Johan Wiskow, skriv i ein epost til NRK at dei jobbar for å bli samde med långjevarane.

– Sjølv om dette er utfordrande tider, er målet vårt framleis det same som då vi kjøpte Kleven, som var å ha Kleven i vår portefølgje som eitt av mange vellukka verft, skriv Wilskow.

Han meiner DIV group sine lånegjevarar har trekt tilbake låna sine på grunn av det han kallar «usanne anklagar om selsksapet sin soliditet».

Fekk ikkje feriepengar

Olav Høydalsvik

Olav Høydalsvik er hovudtillitsvald for Fellesforbundet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Hovudtillitsvald i Fellesforbundet, Olav Høydalsvik, seier at dei tilsette er uroa over situasjonen og mange fryktar at dei mistar jobben.

– Eg ber folk om å behalde roa, så får vi sjå korleis det utviklar seg. Vi har vore gjennom nokre stormar før, så eg trur vi skal komme i gang igjen no også, seier Høydalsvik.

I 2017 fekk Hurtigruten inn på eigarsida for å fullføre bygginga av to hurtigruter. Før dei kroatiske eigarane kjøpte verftet blei rundt 100 personar oppsagt for å unngå konkurs i september i fjor.

Høydalsvik synest informasjonen frå eigaren har vore dårleg. Dei tilsette blei ikkje informert om ståda før fredag, men dei fekk mistanke om at noko ikkje stemte for nokre dagar sidan. Rundt 200 personar fekk ikkje utbetalt feriepengar som dei skulle ha.

No håper Høydalsvik at Kleven får halde fram med andre konstellasjonar.

Dramatisk situasjon

Knut Erik Engh

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) seier at situasjonen er dramatisk og at Kleven betyr mykje for lokalsamfunnet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh (Frp), seier at situasjonen er dramatisk for lokalsamfunnet. Kleven verft er ei hjørnesteinsbedrift med om lag 400 tilsette, fordelt på to selskap. I tillegg skaffar verftet oppdrag til mange underleverandørar. Engh er overraska over at varselet om konkurs skjer no, sidan det vart gjort grundige vurderinga av den nye eigaren før oppkjøpet i mars.

Før overtakinga påstod ein kroatisk politikar at DIV group hadde store økonomiske vanskar og ikkje hadde kompetanse på skipsbygging.

Advokatfirmaet Selmer undersøkte påstandane og konkluderte med at dette ikkje stemde.

– Eg må seie at eg er overraska over at det har gått denne vegen som det har gjort, seier ordføraren.

– Kulturkrasj

Kommunen hadde møte med verftseigar Tomislav Debeljak og fekk eit positivt inntrykk av framtidsplanane for verftet.

– Eg er skuffa. Eg hadde tru på at DIV group skulle tilføre kapital og arbeid til Kleven, men der er tydelegvis ein kulturkrasj, seier Engh.

Det vart sagt at kroatarane skulle gå inn med ein eigenkapital på nærare tre milliardar kroner og at dei skulle kome med nye prosjekt.

Ordføraren seier at Kleven er eit bra verft med mykje kompetanse og håper det no kjem inn eigarar som kan tilføre kapital og arbeid, dersom dette endar med konkurs.

Ikkje større fare no

Professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Norges handelshøyskole, Ola Honningdal Grytten, seier til NRK at det er vanskeleg å forstå kva som går føre seg i Kleven akkurat nå.

Grytten meiner det ikkje er nokon større grunn til konkurs enn det var for nokre månader sidan. Han meiner ei forklaring kan vere at dei kroatiske eigarane rett og slett ikkje har vilje til å drive vidare.

DIV-group sin representant ønskjer ikkje å svare Grytten, men skriv følgjande til NRK:

– Det er viktig å påpeike at Tomislav Debabeljak har utvikla DIV Group til å bli eit svært vellukka selskap, og det ville ikkje vore mogleg utan ein god kultur og å operere på ein korrekt måte.

Han seier DIV Group er opne rundt alle økonomiske spørsmål og har erfaring med å restrukturere selskap med store utfordringar og å gjere dei suksessfulle.

– Det er ein intensjon vi også har for Kleven, skriv Wilskow.