Hopp til innhold

Kan tene store pengar på kråkebollar

Ny kunnskap skal gjere det mogleg å tene gode pengar på oppdrett av kråkebollar. Kråkebollane er ei ettertrakta delikatesse, med ein kilopris på over 1000 kroner for rogna.

Kråkebolleoppdrett

I to år har firmaet Kaston testa ut kråkebolleproduksjon i Japan, der kråkebollane blir avla fram i spesialkasser.

Foto: Kaston

Kråkebollen vert ofte samanlikna med russisk kaviar og mange ser på det taggete sjødyret som ei delikatesse. I Asia vert kråkebollen brukt både som mat og medisin. Ein hevdar at kråkebollen har ei spesiell god effekt på potensen.

No er investeringsselskapet Kaston, med base i Fosnavåg på Sunnmøre, i gang med eit stort prosjekt for å få større økonomisk gevinst i oppdretten av kråkebollar. I Noreg har det vore nokre få forsøk med kråkebolleoppdrett, men ikkje alle har lukkast. Blant anna har transportkostnadene blitt altfor store, fordi mottakarane i Asia må ha kråkebollen kort tid etter at den er hausta.

Kråkebolle

Sunnmørsfirmaet Kaston har stor tru på at det skal bli lønsamt å produsere kråkebollar. Sjødyret vert ofte samanlikna med russisk kaviar.

Foto: Kaston

Lever i spesialkasse

I to år har sunnmørsfirmaet testa ut kråkebolleoppdrett i Japan, der kråkebollane vert avla fram i ei spesialkasse frå Alta og mata med norskutvikla tørrfôr.

Brian Tayashi Takeda og Elisabeth Aspaker

Brian Tsuyoshi Takeda saman med tidlegare fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H).

Foto: Kaston

Kråkebollane kan haustast på rekordtid.

– Vi hadde aldri trudd at dei kunne ta tomme miljøskadelege kråkebollar og endre det til ei dyr eksportvare innan to månader, seier utviklingssjef Brian Tsuyoshi Takeda.

Kråkebollar øydelegg havbotn

Tradisjonelt vert kråkebollane sett på skadedyr, fordi dei et opp tareskogen og øydelegg vekstvilkåra for fisken.

Kråkebolleoppdrett

Japanske fiskarar, norske forskarar, Innovasjon Norge og produktutviklarar har samarbeidd med sunnmørsfirmaet om oppdrettsanlegget i Japan.

Foto: Kaston

Når dei no vert avla opp i ei kasse og ikkje øydelegg havbotnen, vert produksjonen også helsa velkomen av naturvernorganisasjonar.

I Japan, USA og i Middelhavslanda er kråkebollar ettertrakta luksusmat. Kiloprisen for bearbeidde kråkebollar er på ca. 1000 kroner.

Til samanlikning er kiloprisen på laks ca. 45–50 kroner. Laksen vert fôra i mellom to og tre år.

LES OGSÅ:

Tenkjer stort

Kaston arbeider for tida med å inngå lisensavtalar for forproduskjon og mogleg kasseproduksjon i Japan. Dei planlegg også å setje i gang med kråkebolleoppdrett i Noreg. I første omgang skal det skje i Oslofjorden.

Sigurd Teige, som er eigar av investeringsselskapet, ser på kråkebolleoppdrett som ei global moglegheit.

– Kråkebollar opnar for heilt andre moglegheiter enn vi har sett tidlegare. Dersom vi kan få andre oppdrettsartar langs kysten, så er det kanskje det vi skal leve av etter oljen, seier Teige.