NRK Meny
Normal

Vil hjelpe Japan med kråkebollane

Den japanske kråkebolleindustrien vart lagt i grus etter at tsunamien herja i mars 2011. No kjem redninga frå Sunnmøre.

Kårkebolle delt i to.

Ein kråkebolle kan sjå uappetittleg ut frå utsida, men inni er det mykje god rogn.

Foto: Sten Siikavuopio / Scanpix

For å få den jordskjelvramma næringa til å tenkje framover, sende Innovasjon Norge lokale næringslivsleiarar til Noreg i 2012 for sjå korleis nordmenn driv ein veldig lønnsam sjøbutikk i kontrast til japanarane.

sushi

Kråkebollerogn er ei delikatesse i Japan. Rogna er noko av det gjævaste ein kan ha som topping på sushibitar.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / AFP

– Då besøkte dei blant anna oss i Kaston AS. Eg var på den tida involvert i norske bedrifter med ein fantastisk fin teknologi rundt oppdrett av kråkebollar, fortel Brian Tayashi Takeda som er direktør for Innovasjon og Strategi i selskapet.

Det sunnmørske investeringsselskapet står no i bresjen for gjenoppbygginga av den viktige kråkebolleindustrien i landet som Takeda sjølv er fødd i.

– Med den japanske bakgrunnen min har eg nok fått hoppe over dei kulturelle og språklege barrierane, smiler han.

Les også: Fisket ødelegges av radioaktive utslipp

(Saken fortsetter under bildet)

Manglar teknologien

Signert avtale

Fra venstre: Sigurd Teige, Brian Tsuyoshi Takeda og Hideki Takahashi etter at avtalen mellom Kaston AS og Japan Fisheries Utatsu var signert.

Foto: Privat

Slik lager du kråkebolle til middag I Noreg har det blitt forska på fangst og fôring av kråkebollar i fleire tiår, men det finst inga verdikjede her. Det motsette er tilfelle i Japan.

– Sjølv om Japan som land er veldig teknologisk avansert, er dei heller gammaldagse i sjønæringa, meiner Takeda.

Noreg har teknologien på si side, men har like fullt vanskar med å få frakta og selt kråkebollar til Japan.

Gründeren i Takeda såg raskt potensialet i dette paradokset.

– Japan har marknaden og infrastrukturen, men ikkje teknologien. Utgangspunktet er dermed å hjelpe dei til å stå på eigne bein, og samstundes tene på det.

I god gang

Hideki Takahashi

Hideki Takahashi frå det japanske fiskarlaget (Japan Fisheries Utatsu) om bord eitt av fartøya som vert brukt i kråkebollefangst.

Foto: Kaston As

I byrjinga av mars signerte Kaston AS ein avtale med japanske fiskarlaget for å sjå om norsk teknologi kan funke japanske farvatn. Det toårige forskingsprosjektet vil truleg begynne i mai og dei første resultata er forventa allereie i august.

Partane i prosjektet er Praktisk Verksted i Alta som lagar oppdrettskassar og Nofima i Tromsø som har lang erfaring i fôring av kråkebollar. Rettane for Kina, Japan og Taiwan er allereie signerte.

– Dette er ei fantastisk moglegheit. Det har blitt gjort forsøk på eksportere kråkebollar til Japan før, men det er ein vanskeleg marknad å kome inn i. No eksporterer vi vår måte å feite opp kråkebollar på, kommenterer Nofima-forskar Philip James til NRK.

– Ein umetteleg marknad

På sikt ønskjer Takeda å kunne endre heile mønsteret for fiskebolleindustrien. Over 90 prosent av marknaden er i aust-Asia. Om nordmennene klarer å bevise for produsentane at det går an å fore og feite dei opp og selje dei når marknadsprisen er best, vil det kunne bli ei heilt anna verd, trur han.

– Per i dag er marknaden drive av det som vert tilbode, men ved auka produksjon vil det vere etterspurnaden som er leiande. Og etterspørselen etter kråkebollar er enorm!

Philip James

Forskaren Philip James i matforskningsinstituttet Nofima har tru på det norske samarbeidet der målet er å eksportere norsk kunnskap og teknologi til kråkebolleindustrien i Japan.

Foto: Nofima

– Vi kan vere eksportørar, ikkje berre av produkt, men av kunnskap. No er det Japan det gjeld, men seinare kan det gjelde også kråkebolleindustrien i Chile, austkysten av Canada, USA og andre marknader. Eg ser mange moglegheiter her, seier Takeda entusiastisk og legg til at det også har ein reell miljøgevinst.

– Kråkebollar er ei plage for havbotnen. Dei er heller ikkje i fare for å bli utrydda. Ved å fange ville kråkebollar og feite dei opp, vernar vi sjøen samstundes som vi får ein økonomisk gevinst av det.

Lisensinntekter

Ein umetteleg marknad kan også gje uante moglegheiter for norske interesser.

– Kunnskapen og rettane tilhøyrar Noreg. Om dette fungerer og folk vil ha det, vil produksjonen skje lokalt, men delar av inntektene går til Noreg i form av lisenspengar, seier Takeda.

Ikkje nok med det. Kaston-direktøren trur dessutan at eit oppsving i produksjonen i Japan vil kunne føre til det same i Noreg i framtida.

– Dersom Japan ser på det som positivt med kråkebolleoppdrett, er det også berre eit spørsmål om tid før det blir lønnsamt med å fange ville kråkebollar langs norskekysten og sende dei til Japan, avsluttar han.