Hopp til innhold

Her kan landets lengste sykkelsti kome

Strandafjellet skal bli den nye staden for terrengsyklistar.

Gondolene i gang på Strandafjellet

No skal syklistane innta Strandafjellet, som hittil har blitt mest brukt på vinterstid.

Foto: Strandafjellet Skisenter AS

Skianlegget Strandafjellet er eit av dei mest profilerte alpinanlegga i Skandinavia, men har hatt økonomiske vanskar etter store investeringar. No tenkjer skisenteret i nye baner og vil lokke til seg fleire turistar på sommarstid. I haust startar dei planlegginga av stisykling og downhillsykling. Dermed kan Stranda får landets lengste sykkelsti frå fjell til fjord.

– Vi gler oss til å kunne gi eit tilbod til syklistar neste år, seier marknadsansvarleg Ellen Beate Wollen.

Ho meiner at det er ei naturleg utvikling å satse på syklistane.

Tene pengar

Det var Stranda kommune som eigde skianlegget, men i fjor måtte dei kvitte seg med pengesluket og lokale investorar kjøpte anlegget.

No håper Wollen at dei skal kome i økonomisk balanse.

– Med den utviklinga vi har no, vil vi tene pengar på Strandafjellet framover, seier ho.

Etter at skisenteret fekk gondolbane har fjellet blitt meir tilgjengeleg heile året. 7000 personar har hittil i sommer brukt gondolbana. Så langt i år har 13.000 brukt den.