Hopp til innhold

Strandafjellet skisenter er seld

– Det er sjølvsagt ein porsjon lokalpatriotisme involvert. Det seier Frode Håkon Kjølås. I dag vart det klart at han og to samarbeidspartnarar kjøper skisenteret på Strandafjellet.

Stranda kommune har auka gjelda, men likevel fått eit problem mindre. Eit samrøystes kommunestyre vedtok i dag å selje Stranda skisenter til lokale investorar. Både administrasjon og kommunestyre er letta.

SKISENTERET SELD: Stranda kommune har auka gjelda, men likevel fått eit problem mindre. I dag selde dei skisenteret. Sjå fjernsynsreportasjen frå møtet.

– Men ein endå større porsjon tru på Strandafjellet som heilårsdestinasjon, fortel Kjølås.

Kommunestyret røysta over salet torsdag ettermiddag, og alle partia var einige om salet. Det var diskusjon i forkant av at salet var vedteke, sidan partia er ueinige i prosessen som har vore. Mellom anna ville Framstegspartiet ha protokollført ting dei meiner er gjort feil, men dei fekk ikkje støtte frå resten av kommunestyret.

Kjøparane er ei lokal gruppe , som består av Kjølås, Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunhold. Akkurat det var politikarane glade for.

Kommunen taper 100 millionar

Video Økonomien i skisenter skal granskast

Stranda kommune har seld Strandafjellet skisenter. Kommunestyret blei informert torsdag ettermiddag.

Foto: Nyhetsspiller

Salssummen er 56 millionar kroner, og langt under det kommunen treng. Salet stoppar ikkje nedlegging av kommunale tilbod eller reduksjon i talet på tilsette, og kommunen endar med eit tap på om lag 100 millionar kroner.

– Me har sett opp eit reknestykke og lagt inn bod i forhold til det. Det var vel ingen som bydde over oss, så sånn sett kan me ikkje ha dårleg samvit, seier Kjølås.

No har Kjølås store planar for kva som skal skje med skisenteret framover.

– Dei forholda som ligg her for alpinistar er fantastisk. Det blir skrytt opp i skyene, ikkje berre regionalt, men også utover i landet og internasjonalt. Det er klart her er eit vanvitig potensial, seier han.

Vil satse på sommarope

Framover ynskjer han også å utvide drifta, slik at dei kan drage folk til Stranda også i sommarhalvåret.

– I sommar var det ope på Roaldspaviljongen kvar laurdag og søndag, og det var ikkje ei einaste helg utan at det var overraskande godt besøk, fortel han.

Enkelte helgar hadde anlegget så mange som 5–600 besøkjande, både dei som tilfeldigvis passerte og andre.

– Folk frå nabobygdene la søndagsturen opp og fekk seg ein god middag. Folk tok heisen opp for å gå tur i fjellet. Det yra eigentleg med folk dei sommarhelgane det var ope, og det er kjekt, seier Kjølås.

Skryt av snøen

Samstundes med at det vart klart at dei får kjøpe anlegget byrjar det bli klart for årets vintersesong.

– Det ser veldig bra ut, eg har vore å kjent på snøen, og den har god kvalitet, forsikrar han.

– Her er det ingen grunn til å halde seg heime, fortel den nye skisentereigaren.