Hopp til innhold

Kalv trampa i hel etter fyrverkeri: – Det kjennest so meiningslaust

Då nokre feira det nye året med smell og lys, måtte ein av kalvane til Astrid bøte med livet. Trass i at forbud mot privat fyrverkeri er populært, vil nesten ingen parti føreslå det.

Ein liten brun og kvit kalv ligg på eit fjøsgolv. Kalfen har eit gult merke i eine øyret, og er heilt tydeleg død.

Kalven vart trampa over hovudet og døydde med det same, trur bonden.

Foto: Astrid Bye

Storfebonde Astrid Bye frå Meisingset i Tingvoll visste nyttårsaftan kom til å bli skremmande for dyra hennar.

Ho gjorde det ho kunne for å roe dei ned før fyrverkeriet small, men det var ikkje nok.

Etter at kyrne hadde sprunge ut døra i panikk, fann Bye ein kalv som hadde forsøkt å følgje etter mor si.

Den var blitt sprunge ned, trampa i hovudet og drepen.

– Det er forferdeleg. Det kjennest so meiningslaust når det er eit nyfødd liv som går tapt på den måten. Og for rakettar, noko som er so uvesentleg, seier bonden.

Storfebonde Astrid-Merethe Bye.

Storfebonde Astrid Bye mista ein kalv på grunn av fyrverkeriet på nyttårsaftan.

Foto: Privat / Privat

Gjorde alt ho kunne

Bye seier dyra hennar alltid vert redde på nyttårsaftan. Ingen av dei har mista livet før, men fleire har drege til skogs eller rive ned gardar.

Ho fortel at dei ei nyttårsaftan før forsøkte å stengje dørene ut frå lausdriftsfjøsen, men at det då vart endå verre – dyra greidde ikkje roe seg inne.

– Vi har jo prøvd slike tiltak som å starte traktoren og fore slik at dei høyrer den andre duren. Vi har til og med starta eit aggregat for å lage lyd, so det er ikkje det at ting er uprøvd.

– Eg opplev det som om folk føler det er ein menneskerett å få fyre opp fyrverkeri, seier Bye.

Dyrene i fjøset til storfebonde Astrid-Merethe Bye

Bonden forsøkte roe ned dyra sine før fyrverkeriet starta, men det var ikkje til hjelp då det verkeleg small.

Foto: Privat / Privat

Berre eitt parti føreslår forbod

Ei lang rekke organisasjonar har i årevis teke til orde for eit forbod mot privat fyrverkeri. Dei aller fleste nordmenn ynskjer det same.

Berre kring nyttårsaftan i år har fleire alvorlege hendingar skjedd:

Nokre kommunar har lokale forbod eller restriksjonar for private sin bruk av fyrverkeri, til dømes i utsette bydelar, men eit totalforbod kan ikkje kommunar innføre.

Berre eitt parti har teke til orde for eit totalforbod over heile landet – Miljøpartiet dei grøne (ekstern lenkje).

Nestleder i MDG Ingrid Liland

– Det er jo ingen grunn til at vi skal halde fram med dette som både skadar folk og dyr, seier Ingrid Husby Liland.

Foto: Nicklas Knudsen / Nicklas Knudsen

– Det er litt uforståeleg for meg. For meg let det til at det er eit so enkelt tiltak å nedprioritere fyrverkeri for å ta vare på helsa til folk, seier nestleiar i MDG, Ingrid Husby Liland.

Ho seier partiet kjem til å sjå om dette er tidspunktet for å føreslå eit forbod mot privat fyrverkeri, anten i Stortinget eller som spørsmål til regjeringa.

– Det er skumlare å forby og påby nye ting enn det er å akseptere verda som den allereie er. Der er vi kanskje hakket meir endringsvillige enn dei andre partia, seier Liland.

Les også Mista heimen i brann: – Det er heilt grufullt

Huset som brann i Langevågen i Sula 28. desember.

Ein folkekjær tradisjon?

Når det er populært å forby fyrverkeri – kvifor er det berre eitt parti som går inn for det?

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, trur det kan handle om at fyrverkeri vert oppfatta som ein folkekjær tradisjon.

Tone Sofie Aglen

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, er viss på at debatten hadde vore meir livleg om fyrverkeri var nytt i dag.

Foto: NRK

– Og at mange politikarar kvir seg for å vere ein slags festbrems. Nokre vil meine at der er grenser for kor mykje politikarane skal regulere, seier Aglen.

Ho trur likevel at det hadde blitt meir diskusjon om fyrverkeri var noko som vart innført i dag.

– Det er nok ingen dristig spådom at debatten hadde sett ganske annleis ut, seier Aglen.

Bør privat fyrverkeri verte ulovleg?

– Veldig unødvendig og trist

Leder i Bondelaget, Bjørn Gimming, er urolig for matforsyningen til nordmenn i år.

– Det er veldig unødvendig og trist, seier Bjørn Gimming om det som hende i fjøsen i Tingvoll.

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

– Det er mange dyr, både ville og elles, som vert negativt prega og skremd av fyrverkeri, seier Bjørn Gimming.

Noregs bondelag, som han leiar, har ikkje nokon vedteke politikk kring kva dei meiner om fyrverkeri, men Gimming meiner at det er veldig leit når dyr mister livet på den måten.

– Det er jo berre trist når slikt skjer. Det handlar sikkert om ein del kunnskapsløyse hjå dei som skyt opp fyrverkeriet, seier Gimming.

Les også Bønder ber folk avgrense fyrverkeriet

Ku

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no