Hopp til innhold

Mista heimen i brann: – Det er heilt grufullt

Trass i høgt fokus på brannsikkerheit, opplevde familien å miste alt dei eigde onsdag. Politiet undersøker om fyrverkeri var årsaka til brannen.

Huset som brann i Langevågen i Sula 28. desember.

TOTALSKADD: Huset til familien på seks er totalskadd. Det budde også ein leigebuar i huset, som no står utan ein stad å bu.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den 28 desember byrja det å brenne i huset til Sissel Samuelsen Krüger og familien hennar. Dei hadde besøk av eit vennepar og to ungar då huset deira plutseleg sto i full fyr.

– Det er heilt grufullt, seier Krüger.

Familien har hatt mykje fokus på brannsikkerheit. Dei har brannvarslar i kvart rom, og ladar ikkje mobilane om natta.

Men då huset tok fyr, så gjekk det ikkje lang tid før det var overtent.

– Hadde dette skjedd på natta, så er det ikkje sikkert vi hadde kome oss ut.

Mora vil rose barnehage og skule for fokuset dei set på brannsikkerheit. Familien har hatt brannøving heime fleire gongar, og ungane visste akkurat kva dei skulle gjere.

Familien Samuelsen Krüger mista alt dei eigde i brannen den 28. desember.

Sissel saman med mannen Per Otto og dei fire borna. Dei er fem, ni, elleve og 13 år gamle. Dei ventar også eit nytt søsken til sommaren.

Foto: Privat

Fyrverkeri kan vere årsaka

Det tok fleire timar før brannvesenet klarte å sløkke brannen. No jobbar politiet med å finne årsaka, og ein av hypotesane dei jobbar med er at det kan vere fyrverkeri som er årsaka til brannen.

– Vi har per no ikkje kome noko nærmare ein konklusjon når det gjeld brannårsak. Derfor ønskjer vi tips frå personar som har vore i området då brannen starta, seier politifullmektig, Christine Skarbø Berglund.

Om nokon har sett eller høyrt noko av interesse ønskjer Berglund at dei tek kontakt med politiet. Brannvesenet fekk melding om brannen like før klokka 19.00 onsdag kveld.

Brann i bustadhus i Langevågen i Sula 28. desember. Slik såg huset ut to dagar etterpå.

Familien kjøpte huset i 2009, og har brukt mange år på å renovere det til slik dei vil ha det. No må dei byrje på nytt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Les også 13 personer måtte flykte fra brann

Må starte på nytt

Huset til familien på seks er totalskadd. Dei bur no på hotell, men er på jakt etter eit nytt hus dei kan flytte inn i.

– Det er ikkje så lett. Vi er ein stor familie, og blir ein ekstra til sommaren.

Men familien får også hjelp frå uventa hald. Nokon har oppretta ein spleis, slik at familien får kjøpt inn det som dei no har mista.

– Eg er heilt på gråten. Alle som tenker på oss, som gir oss ting. Vi er takknemlege. Det er vanskeleg å sette ord på kva vi føler.

Ho fortel også at venner og ukjente har gitt klede og leike til ungane. Også fleire butikkar i Ålesund har donert bort ting som familien trenger. Pengane frå spleisen skal gå til nye julegåver til ungane.

– Det er vondt å vere den som trenger hjelp. Vi set umåteleg pris på alle som hjelper oss og tek kontakt, seier Krüger.

Brannvesenet leter etter varme i hulrom i enebolig i Langevågen

Det tok fleire timar før brannvesenet klarte å sløkke brannen. Dei måtte bruke motorsag for å komme inn til holrom der det framleis brann.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL