Hopp til innhold

Seks enkle og gode tips til turmat

Julie Kristin Folke-Olsen oppfordrar folk til å ta i bruk nærområdet sitt meir til turgåing. Her får du seks gode tips til mat du kan lage når du er ute å går.

Julie Kristin sin oppskrift på taco med kikerter

Julie Kristin Folke-Olsen kjem med sine tips til gode rettar å lage og ete ute i naturen.

Foto: Julie Kristin Folke-Olsen / @juliiekristin

Tursesongen har allereie starta for mange. Anten turen er lang eller kort, kan det vere godt å ta seg ein matpause.

Julie Kristin Folke-Olsen frå Kristiansund jobbar som kokk, og er store delar av fritida si ute på tur.

– Eg brukar å gå mykje turar i nærområdet mitt, gjerne turar som passar for heile familien. Då har eg som regel med meg mat, og nokon gongar likar eg å lage noko ekstra, seier ho.

Julie Kristin sine tips til gode retter å lage ute i naturen.

Julie Kristin Folke-Olsen lagar klart middagen ute i naturen.

Foto: Julie Kristin Folke-Olsen / @juliiekristin

Ho delar mykje frå turane sine på Instagram, og ønskjer å vise at korte turar rundt der du bur er vel så fint som ein topptur på eit høgt fjell.

– Det er også viktig for meg å vise at det ikkje treng å vere så dyrt. Du må ikkje ha alt av utstyr. Eg prøver også å vise at det er veldig fint å feriere i nærområdet, og ikkje minst billeg.

Det stiller generalsekretæren i DNT seg bak.

– Eg støttar oppfordringa med heile mitt hjarte om å bruke nærområdet i ferien. Det er miljøvennleg å reise kort, og dessutan kan du tilpasse turen etter lommeboka, seier Dag Terje Klarp Solvang.

Han seier mange har tatt kontakt for å få tips til kvar dei kan reise i ferien.

Julie oppfordrar folk til å bruke sommarferien til å oppdage nye stadar der du bur. Og lage meir mat ute i naturen.

Her er tipsa hennar, både til frukost, middag, kvelds og ikkje minst dessert. Oppskriftene må justerast ut frå kor mange personar som skal nyte måltidet.

Tortillapizza

Havregraut

Lettvint taco med kikerter

Tortillatoast med sjokoladepålegg og banan

Kanelsnurrar og pizzasnurrar på stormkjøkken

  • Ein ferdig pizzabotn
  • Ønsket topping til pizzasnurrar
  • Eller smør, sukker og kanel til kanelsnurrar

Før du dreg heimanfrå: Del pizzabotnen i to. Fordel smør, sukker og kanel på den eine og tomatsaus, ost og ønskt pizzatopping på den andre. Rull deretter til to pølser og kutt omtrent 1 centimeter tjukke snurrar. Fordel dei i kvar sin matboks og ta dei med deg på tur.

Vel framme kan du ta fram stormkjøkkenet og steik snurrane til dei er gylne og gjennomsteikte.

Kanelsnurrer
Foto: Julie Kristin Folke-Olsen / @juliiekristin

Tur-tapas

Om du vil slå på stortromma, foreslår Julie Kristin tapas! Lefserull med smørjeost og rucola (eventuelt laks eller spekeskinke), tortilla-pizza, salat, manchego eller annan ost, kjeks, pavlova på 1-2-3.

Lag ferdig alt heime og legg det i matboksar. Pizzaen smaker nemleg superdigg sjølv om han er kald, seier Julie Kristin. Når du kjem fram, legg du det på tallerken.

Til pavlovaen treng du:

  • Vaniljekrem
  • Minimarengs
  • Blåbær/bringebær

Lag til marengsen på ein tallerken. Ha på ei stor skei med vaniljekrem. Pynt med blåbær og bringebær. Nyt.

Tur-tapas!
Foto: Julie Kristin Folke-Olsen / @juliiekristin

Bruker du å lage mat når du er ute på tur?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL