Eit helikopterselskap har søkt om å stenge av luftrommet over Atlanterhavsvegen for å spele inn ein internasjonal film. I søknaden kjem det fram at filmen er James Bond.
NRK har fått innsyn i søknaden, som er sendt frå det lokale selskapet Nord Helikopter til Luftfartstilsynet.
– Filmen er James Bond, og det har stor betydning både for det lokale næringsliv på kort og lang sikt, i tillegg til reklameverdien dette har for Noreg og Møre som turistdestinasjon, skriv Nord Helikopter i søknaden til Luftfartstilsynet, som NRK har fått innsyn i.
Restriksjonen gjeld 5. til 14. juni 2019.
25. Bond-filmen i serien
Daniel Craig spelar James Bond.
Foto: Michael Sohn / AP«Bond 25» med Daniel Craig i hovedrollen har fått tildelt 47 millionar kroner i insentivtilskot for innspeling i Noreg. Tildelinga er den største sidan insentivordninga blei innført i 2015.
Filmen skal ifølge filmstaden IMDB ha premiere i april 2020 og er den 25. i rekka om Agent 007.
Nord Helikopter har søkt om å bruke inntil to helikopter over området, ein med kamerautstyr og ein til å flytte folk, utstyr og til bruk som «backup».
– Eg kan stadfeste av vi har søkt løyve til å sperre av området, seier Øystein Skovro i Nord Helikopter.
Grunngjevinga for søknaden er at filminnspelinga vil medføre helikoptertrafikk med fleire helikopter i låg høgde og høg fart, på eit avgrensa område. Dei ønsker å unngå dronar og anna lågtflygande trafikk under innspelinga.
Produksjonsselskapet har tidlegare søkt om støtte gjennom selskapet Truenorth Norway og linjeprodusent Per Henry Borch. Han har ingen kommentar til opplysingane NRK har fått innsyn i.
Truleg også i Romsdal
Etter det NRK kjenner til vil det truleg også bli innspeling i Rauma i Romsdal. Området rundt Åndalsnes er kjent for svært spisse fjell og bratte dalar, og ein finn blant anna Trollstigen, Romsdalseggen og Mannen.
Området er også kjent for å vere ein ynda stad for basehopping og fjellklatring.
Det har allereie vore spelt inn scener i Noreg ved Langevann i Nittedal, like utanfor Oslo, mellom 25. mars og 2. april. Då blei det sett opp ei hytte i skogen for høvet.
Detaljane rundt produksjonen har vore svært hemmeleg.
Det vil truleg også bli innspeling i Rauma i Romsdal, etter det NRK kjenner til.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Kunne ikkje berre vere Nittedal
Redaktør for Jamesbond.no, John Berge, er sjølv frå Kristiansund like ved der Atlanterhavsvegen ligg. Han seier han lenge har spådd meir Bond-filming i Noreg.
Bond-entusiast og redaktør for Jamesbond.no John Berge synsest det er spennande å spekulere i kva som skjer i scenane i Noreg.
Foto: Per Mork– Det gler meg veldig. Det kunne ikkje berre gjelde dei scenene i skogen i Nittedal. Dei kunne ha vore filma kvar som helst. Eg har nemnt Atlanterhavsvegen som eit høgaktuelt alternativ. Det same med Trollstigen i Rauma og Geirangerfjorden på Sunnmøre og Nord-Noreg, seier Berge.
Ikkje mykje er kjent om filmen, men dei har starta innspelingane på Jamaica. Berge meiner EON Productions har hatt Noreg i kikkerten lenge.
– Eg og andre norske fans har nytta kvart høve når vi har møtt Broccoli-familien til å framheve ønsket vårt om innspelingar i Noreg, seier Berge.