NRK Meny
Normal

Jakt på utgåtte matvarer utløyste politiaksjon i natt

Lysing og fotografering utanfor fleire matbutikkar i Giske natt til laurdag utløyste politiaksjon. Åtte unge kvinner og menn jakta truleg på heilt andre ting enn det politiet trudde.

Politi

Politiet rykte ut til Valderøya i Giske i natt etter at ein nabo frykta fleire unge kvinner og menn planla innbrot i området.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ein uroleg nabo varsla politiet i 1.30-tida natt til laurdag om mistenkjeleg akvitiet utanfor kjøpesenteret og fleire butikkar på Valderøya i Giske. Fleire unge kvinner og menn i to bilar lyste rundt butikkane og tok bilde, og dermed rykte politiet ut.

Vi fann nokre tørre pepparkaker, slitne druer og tvilsame poteter, ler operasjonsleiar John Bratland ved Sunnmøre politidistrikt.

Les også:

Sa dei var miljøaktivistar

For dei unge kvinnene og mennene forklarte for politiet at dei var miljøaktivistar, på jakt etter matvarer utgåtte på dato. Dermed leitte dei rundt i containarar på utsida av butikkane.

– Dei opplyste at det var til eige bruk, opplyser politiet.

Naboen frykta innbrot

Ifølgje politiet var dei åtte kvinnene og mennene heimehøyrande på Sunnmøre, og alle rundt 20 år gamle. Politiet forstår at varslaren blei redd for han var vitne til planlegging av innbrot, men politiet seier dei festar lit til forklaringane.

Vi hadde ein lengre prat med dei, for å forklare at det kan vere lurt å spørje før dei rasar rundt slik, seier Bratland.